MAT FOR SJELA

DSC_0032

I går skunda eg å klippa av nokre roser i hagen til mor mi før me gjekk i bilen. Første frostnatta hadde passert og rosene stod og blomstra på lånt tid. Når ein enn så lenge har ein nitrist hage her i byen, er det stas å ha med seg noko fint frå helga som ein kan putte i ein vase!

Tanken var å ha ein skikkeleg effektiv kontordag i dag, då det brakar laus med jobb på fredag. I staden vart det henting av ein halvslakk pode i barnehagen ein time etter levering. Her vert det sjukedag i staden, så skal eg prøve å smyge inn litt jobb innimellom. Med appelsinsjokolade og mengder med te, er motivasjonen på topp!

I mellomtida tenkte eg å dele litt mat for sjela, frå veka som har vore:

  • #HeForShe og Emma Watson som ber menn engasjere seg i feminisme og likestillingsspørsmål under FN sitt toppmøte forrige veke.
  • Messinglysestakar. For oss som er fødde på åttitalet, må ein heim innehalde messinglystestakar. Eg fann tre fine Svenskt Tenn-aktige stakar på Fretex for den nette sum av 35 kroner. Hurra!! Eit skritt nærare ein møblert heim.
  • Å male hus. Ingenting slår det å male ei sleten dør eller ein verbitt vegg i ein fin, klar farge. I tillegg er det ekte mindfulness å stå rett opp og ned og berre male seg taktfast bortover.
  • Å oppdage ein by du trudde du kjende på ny. Haugesund, eg likar deg!
  • Dette lesarinnlegget skreve av verdas beste veslesyster. Eit viktig tema ein ikkje kan få snakka nok om.

Ha ein fin dag og del gjerne dykkar mat for sjela i kommentarfeltet!

/Inga

5 thoughts on “MAT FOR SJELA

  1. Så hyggelig at du blogger igjen, Inga! Min mat for sjela i det siste: The Blazing World av Siri Hustvedt, strikking i veldig sakte tempo, å tenne levende lys i alle kroker av stua når mørket senker seg og å finne inspirerende artikler til masteren min.

    1. Åh, det var mykje fin mat for sjela! Håpar det går som smurt med masterskrivinga! Eg skyv det enn så lenge litt foran meg, og er superimponert over dei som sit og skriv i desse dagar samstundes som dei har born. På den andre sida, -av og til lurar eg på om ikkje born gjer oss hakket meir effektive. Tettare program og nokon som skal heim frå barnehagen, ha middag etc fører på sett og vis til at ein ikkje har dei flytande dagane ein hadde utan born. Eg burde ha starta mykje tidlegare! 😀

      1. Jeg har aldri vært flinkere student enn det jeg er nå, hehe. Så det er absolutt noe i det. Jeg må jo bruke den tida O er i barnehagen effektivt, for jeg har ingen garantier for at kvelden blir rolig. Kan med andre ord ikke utsette til «senere». Jeg på min side er imponert over de som jobber med faste arbeidstider! Begge deler er vel utfordrende på sin måte 🙂 Ha en god dag Inga!

  2. * Nye epsioder av New Girl
    * At jeg snart kan begynne på mønsteret på mariusgenseren jeg strikker
    * Gratis godis på universitetet i dag
    * Forelesning klokken 08.15 i morgen(liker å stå opp tidlig men greier det ikke uten en liten push
    * Tapaskveld på lørdag, jeg skal ha med sjokoladekake(fnis)
    * Denne bloggen: http://atilio.blogg.se/
    * At jeg allerede har bestilt billett hjem til jul
    * Ny tanteunge i slutten av januar
    * Dette bildet: http://www.liveluvcreate.com/image/ma_the_meatloaf-231686.html

    1. Så mykje fint Eirin! Eg har blitt tipsa av så mange om å sjå New Girl no, så kanskje eg må sjå ein episode i kveld? Er no på andre omgong med Veep. Om du ikkje har sett det, må eg anbefale det på det sterkaste! For ein fin blogg du tipsa om. Ufatteleg fine bilete. Der må eg kike meir grundig innom trur eg. 🙂 Ha ein flott dag!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s