Jula varer heilt til påske, -og påska varer heilt til…?

DSC_0106
Fine, store egg frå garantert frittgåande og lukkelege høns!


Dvalen er over! Eg har for mykje matprat og miljøprat inni hovudet som må ut. Blogginnhaldet har returnert til Notisboka. Det var her det høyrde heime.

Det er andre påskedag og eg har hatt ei feiande fin påske. Som alltid kjem kvardagen litt brått på etter ein fin ferie. Er det fleire som har det slik?

Heldigvis vart returen til kvardagen litt mjukare denne gongen, då me fekk med oss ei skikkeleg fin påskegåve tilbake til byen. Ei god venninne sende med oss ferske egg frå hønene deira og no gler eg meg til å lage noko ekstra fint av dei! Moglegvis må eg porsjonere dei ut og lage litt forskjellig. I mellomtida skal dei stå i ei skål på kjøkenbenken saman med påskepynten til poden og skape litt påskestemning utover denne veka også. Då siste julepynten vart fjerna like før påske, kan påskepynten meir enn gjerne bli litt til den også!

/Inga

3 thoughts on “Jula varer heilt til påske, -og påska varer heilt til…?

  1. Ja! Eg har sakna meiningsutvekslingane med deg Ine! Forresten, tommel opp for engasjementet i Eurosko-saka!! Eg haldt på å falle av stolen då eg såg annonsa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s