
Rett før me sette oss i bilen i Etne for å køyre heim etter ferien, grov mannen opp jordskokk i åkeren. Der har den vore og kost seg over vinteren. Jordskokk er noko av det beste eg veit. Skjær det i bitar og bak i omnen med andre rotgrønsaker eller bruk det i stappe saman med til dømes potet. Jordskokken set ein heilt fantastisk, nøtteaktig smak på maten! Har du ikkje smakt det før, bør du legge det i handlekorga neste gong du kjem over ein knoll på butikken.
Litt av rota skal plantast her i hagen i Haugesund (uuups! Stryk det. Moderen ringte og sa at det var lite lurt i eit tett bustadområde då den veks som ugras. Det er altså betre å plante den i ein avskjerma hage om du ikkje vil spre jordskokk over heile nabolaget), men resten skal fortærast til middag. Første knollane hamna i gryta allereie på tysdag då det var skrint i kjøleskapet etter ei veke borte. Med pappa sin torskefilet frå frysen, jordskokk blanda med potet i ein purè, ein litt småtrist broccoli og siste stump av pestopølsa til den lokale spekeprodusenten Lundal, vart det reine festmiddagen. -Og definitivt den mest kortreiste så langt i 2015!
Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Trines matblogg som eg har brukt gjentatte gonger. Ofte med litt ulike ingredienser, men målet er alltid den same smakskombinasjonen: salt kjøt, mild torsk, og smøraktig stappe av noko slag. Om ein i tillegg har noko søtt, er det toppen av kransekaka. Eg har prøvd ut varianten med granateple, men om ein ikkje har det, kan ein nytte fantasien. -Som til dømes betar av eple, pære eller kanskje til og med jordbær! Denne gongen hadde eg ingen av delene, men toppa heller med litt chiliolivenolje.
Kortreist og godt som berre det!
/Inga
Åh, mums! Ser veldig godt ut!
Ps: kjekt å se innlegg her igjen 😀
Så hyggeleg! Det er veldig kjekt å skrive litt igjen!