Litt grønare barneklede

2015/04/img_4441.jpg

Me har vore heldige og fått arve kassevis med barneklede heilt frå poden var nyfødd. Til no har me kjøpt svært få klede og det er miljøvenleg og feiande fint når ein kan drive slik gjenbruk. Små ungar veks så fort at dei rekk ikkje å slite ut kleda, -same om det er frå billigkjedene eller dyrare merke. Det er mi erfaring.

Sustainable choice

No måtte me likevel ta eit lite raid på somarklede då mykje frå i fjor var for lite.

Lindex har ein veldig fin barnekolleksjon i økologisk bomull. Men. Plagga er rimelege og produsert i Bangladesh, noko som gjer meg litt skeptisk etter å ha sett Aftenpostens Sweatshop.

Økologisk bomull

Samstundes kjennes det meiningslaust å handle mykje basisklede frå dyre merke når kleda passar i omtrent eit kvarter. At plagga er produserte i økologisk bomull, gir også ein garanti for at dei som produserer bomullen ikkje vert utsett for helsefarlege kjemikalier.

Då kjennes det litt meir ok å ta ein storhandel for ein liten.

2015/04/img_4440.jpg
Dinosaurpysj!
2015/04/img_4435.jpg
Når mor likar striper, må sonen like striper.

Kva tenkjer de? Har de tips til andre alternativ? Kva tenkjer de om dyre/billege barneklede og kvalitet?

/Inga

Psst! Eg har gjort fleire skikkeleg fine bruktkupp i det siste som eg legg ut i ein annan post. Om eg ikkje elska Finn.no og bruktbuer frå før, -gjer eg det sanneleg no!

4 thoughts on “Litt grønare barneklede

  1. Det er så synd at klesindustrien er så lite gjennomsiktig! Jeg ville lett valgt de butikkene jeg visste produserte klærne sine på en ansvarlig måte, om det bare gikk an å finne ut av det. Jeg har en følelse av at høyere pris ikke nødvendigvis betyr at de som har produsert klærne får mer betalt…

    Når det gjelder dyre/billige barneklær og kvalitet har jeg litt forskjellige erfaringer. Synes for eksempel Nøstebarn og Janus (lurer på om ikke Janus er produsert i Norge, forresten) har klart bedre kvalitet enn f.eks H&M. Polarn O Pyret synes jeg også er bra, det samme med Lindex sitt tøy. Jeg er veldig for å legge litt ekstra penger i det vi handler, hvis det betyr at noen kan arve det. Men det aller beste er så klart å gjøre bruktkupp! 🙂

  2. Eg er enig med det du skriv. Eg skulle ynskje det fantest ei fair trade-merking av klesmerka slik det i større grad er av matprodukt.

    Angåande Janus, så er det eit fantastisk merke. Det er norsk ull produsert i fabrikken på Espeland. DET er verdt å støtte opp om. SparKjøp har eit godt utval av Janus-klede og der har me kjøpt nokre pysjar. Eg kjem definitivt til å kjøpe ull der til hausten igjen. Nøstebarn har også eit godt, grønt val (http://nostebarn.no/info/miljomerking).

    Polarn O Pyret produserer ikkje kleda sine i Skandinavia, men framstår likevel som eit trygt val ut i frå det ein les på denne sida: http://www.polarnopyret.no/vaart-ansvar

    Elles har eg store fordomar mot kjedebutikkane. Mi erfaring er at det er enkelt å kjøpe miljøvenlege og etiske klede i ull, men meir utfordrande med bomull når somarsesongen kjem. Bomull er kontroversielt, og det er då det kjennes trygt å ihvertfall kjøpe økologisk bomull. Summa summarum er nok Polarn O Pyret sine klede i økologisk bomull det beste alternativet.

  3. Jeg synes det er vanskelig, ihvertfall nå som Iben bruker en større størrelse og de klærne er mere slitt når jeg finner de brukt.

    Å sy noe selv er jo alltid et kjekt alternativ 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s