Tips til brukthandel på Haugalandet

2015/04/img_4453.jpg Ingenting er så kjekt som å finne ting ein treng brukt. Små unike saker som ikkje står i hundretals i kjedebutikkane, og som nokon andre har tatt vare på før deg. Det er noko fint med det å «ta over» etter nokon andre og gi ein kopp eller eit stettefat eit nytt liv i eit nytt kjøken. Når ein i tillegg har flytta inn i eit sterilt nybygg med glatte flater og utan knirking i golvet, gir slike små saker litt etterlengta sjel.

For nokre veker sidan stakk eg innom Bruktbua i Etne og fann mellom anna dette gamle, fine stettefatet. Det har eit lite skår i seg, men er elles i god stand. Vakkert som berre det og til den nette sum av 75 kroner. Det har vore i bruk sidan det kom i hus. Frukt og tomater til kvardags, og kaker til fint. Slikt er stas.

2015/04/img_4449.jpg

Her på Haugalandet har eg oppdaga mange fine bruktbutikkar som eg prøver å kike innom når eg kan.

ABR-senteret på Avaldsnes har mykje brukt og bra. Her er det låge prisar og to fulle etasjar med møblar, nips, bøker og bilete. Har du god tid, kan du her finne mykje bra til ein billeg penge.

Fretex på Raglamyr har litt av kvart men skulle gjerne hatt meir plass å boltre seg på. Her er det alt frå klede til blad og servise. Det er ikkje så mykje av kvar kategori og eg trur det vert raskt utplukka, -men innimellom har eg vore heldig og gjort nokre skikkeleg fine kupp.

Etne bruktbu eller «kyrkjebutikken» som den vert kalla, er ein veldig koseleg stad å kike innom om ein er i Etne. Her er det støtt folk, kaffi på kanna og hyggelege damer bak kassen. Dei har alt i frå møbler til kjøkenreiskaper og bøker. -Pluss for at dei legg ut bilete av nye saker og ting dei får inn på Facebook!

Ian Hatfield Antikvariat er ikkje ei bruktbu, men snarare nettopp eit antikvariat. Prisane er difor høgare enn hjå dei tre første, men eg må likevel anbefale å kike innom her om du er i Haugesund sentrum. Her er så mykje fint og eg kan gå og kike i det uendelege. Her finn ein gamle, engelske servise, vakre møbler og  brukt sølvbestikk. -Ein stad ein bør kike om ein er på jakt etter noko unikt og ikkje har tid til å pløye bruktbutikkane.

Skudeneshavn. Om du har ein somardag til rådighet, anbefaler eg å ta ein biltur til Skudeneshavn. Ein utruleg vakker stad med gamal trehusbebyggelse og flust med bruktbutikkar. Her kan ein gjere mange kupp, samstundes som ein kjem i skikkeleg somarstemning når ein går langs bryggene og i krinkelkrokete gater med fine gamle dører og blømande rosebed. Skudeneshavn er som ein vaskeekte sørlandsby på Vestlandet og eit eldorado for bruktentusiastar!

2015/04/img_4455.jpg

Har de nokre tips til kjekke bruktbutikkar rundt om kring i det ganske land?

/Inga

3 thoughts on “Tips til brukthandel på Haugalandet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s