Fine somarnegler utan skumle stoff

DSC_0124

Eg er ei forfengeleg sjel, men har dei seinaste åra blitt meir og meir skeptisk til kva eg smører på kroppen. Parabenar, sulfatar og mineralolje er nokre av stoffa som stadig dukkar opp i media og som forskarane er skeptiske til. I tillegg likar eg ikkje testing på dyr. Heldigvis finst det mange fine sider på nettet kor ein kan finne informasjon om kva for nokre produsentar som tilbyr «snille» produkt. Eg har skreve om ulike infosider og parabenfrie somarfavorittar tidlegare her.

Uansett, -no skal me snakke neglelakk! Eg er ein bleikfis, så då er det alltid kjekt å ha litt farge på hender og føter om somaren. Denne fine neglelakken, Coral reef frå Korres, blir somarlakken i år.

Snille ingredienser, ein vanvittig fin farge, hyggeleg pris og tilgjengeleg på ein så vanleg butikk som Vita.

-Slikt er så bra at då må eg tipse vidare. Tommel opp!

DSC_0148  DSC_0128  DSC_0140

 Har de nokre favorittar som også er «snille» produkt?

/Inga

2 thoughts on “Fine somarnegler utan skumle stoff

  1. Takk for tips! Kjøpte meg et eksemplar 🙂 knallgod lakk! Jeg er veldig glad i sminke fra RMS, sminker meg ikke så mye og dette gir et naturlig resultat. Litt stiv pris, men veldig drøye i bruk. «un» cover up concealer (brukes også som foundation der det trengs) og living luminizer er geniale. De har også knallgode leppepomader med farge. Lykke til med jobbinnspurten!! 😀

  2. Hei Line! Så bra at du likte den! Eg var imponert over den eg og. -Herleg at eit grønare val ikkje må gå på akkord med kvaliteten!

    RMS har eg ikkje høyrt om før, -så takk for tips! Det skal eg jammen meg sjekke ut. 😀

    Takk for fine ord og ha ein vidare fin kveld!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s