Velg sykkelen i Haugesund

Sykkelbyen

Bur du i Haugesund eller på Karmøy, -bli med på sykkelkampanjen til Sykkelbyen Haugesund-Karmøy! Den foregår mellom april og november og alle over 16 år kan bli med.

Målet er å få fleire til å velje sykkel framføre bil. Dersom ein er med, er ein med i trekninga av premie kvar veke og eit gåvekort på kr 10 000,- hjå MX Sport på Raglamyr. Dess fleire sykkelturar du registrerer, dess fleire «lodd» har du med i trekninga.

Du lagar ein brukar på Sykkelkampanjen sine nettsider og så kan du byrje å registrere sykkelturane dine. Dei har også utvikla ein App som gjer at du kan loggføre turar via mobilen. Genialt!

Eg har heve meg på og fått ein nødvendig dytt til å oftare parkere bilen og velje sykkel. I dag vart bilen parkert heime i staden for å køyre via barnehagen. Middagshandel og barnehagehenting vart unnagjort med sykkel og sykkelvogn. -Vips, kunne eg loggføre 3,5 km og kom heim med raude kinn og ny energi. Det er god gevinst i ein travel kvardag!

2015/05/img_4601.jpg
På himmelspretten vart bilen byta ut med syklar og sykkelvogn då me skulle innom hagesenteret. -Enkelt og veldig veldig hyggeleg. (det er forresten rart kor mykje ein kan trykke inn i ei sykkelvogn i tillegg til ein unge!)

 

Slike tiltak og kampanjar er utruleg bra. Både for folkehelsa og miljøet. No skal eg prøve å la bilen stå, -også når sykkeltur verkar litt tungvindt. Ein blir som oftast positivt overraska over kor mykje enklare det er enn ein først trur!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s