Pynt bordet med det du har innan rekkevidde

DSC_0129

Treng du litt bordpynt til eit festleg høve, treng du ikkje nødvendigvis pløye gjennom butikkane. Antagelegvis har du mykje rart i huset som du allereie kan bruke! Nokre fine boksar? Nokre fine figurar eller anna nips som til vanleg står på ei hylle? I staden for kjøpeblomar, kan det vere minst like fint med lodden blåbærlyng, nokre laugreiner eller blomar du finn i hagen eller grøftekanten.

Akkurat no bur ei mjølkeku på bordet vårt. Den er alt for fin til å rydde bort i ein leikekasse. Saman med nokre greiner frå syrinbusken til mormor, var det reint staseleg, -på gjenbruks vis!

DSC_0134

Psst! På laurdag er det miljøfestival her i Haugesund. Retro-marknad, utsal av økologiske varer, kurs med meir står på programmet. Mykje grønt og bra skjer i denne byen og eg gler meg til å ta turen!

Men no: kveldsmat og ein episode Veep. Eg er offisielt hekta.

/Inga

One thought on “Pynt bordet med det du har innan rekkevidde

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s