Kom rabarbra, du skjønne syrlege

rab5

Rabarbrasesongen er her og eg hausta dei første stilkane i Etne for nokre veker sidan. Etter å ha lege i kjøleskapet i påvente av ein god idè, vart dei surra saman til ein rabarbrachutney ein travel kveld mellom legging, nabotur og retting. Mai er ein turbomånad om ein er i lærarbransjen. Difor gjer det ekstra godt når rabarbraen sprett opp, som ein sur-søt oppkvikkar!

Eg er veldig glad i sur-søte smakar og denne chutneyen var heilt i mi gate. Den syrlige rabarbraen saman med raudlauk og paprika, var ein utruleg fin kombinasjon. -Berre pass på å smake hyppig når du skal tilsette resten av sukkeret litt etter litt. Eg var litt for rask i vendinga, så chutnyen vart ørlite for søt for min del. Neste gong tilsetter eg litt mindre sukker, -men dette er ei smakssak.

Planen er å nytte chutneyen til grillmaten i somar, men også til fiskemiddagar og ikkje minst på brødskiva. Heldigvis laga eg dobbel porsjon, slik at det vart fleire glas.

Då eg ikkje hadde laga chutney før, vart det inga frikøyring. I staden safa eg og brukte ei oppskrift frå Trines matblogg. Den var innmari god, så den bør du ta ein kik på!

rab1

rab8

rab7   rab3

rab4    rab6

Ny ladning med rabarbra kjem i morgon og eg lurar på om eg skal lage rabarbragraut etter gamalt. Det er så godt! -Ihvertfall om du har ein skvett h-mjølk oppi. I tillegg må det bakast ein rabrabrapai. Det er obligatorisk mai-bakst.

 /Inga

2 thoughts on “Kom rabarbra, du skjønne syrlege

  1. Pappa pleier alltid å laga Rabarbra- og Jordbærsyltetøy, kjempe godt! Men sidan rabarbra og norske jordbær ikkje alltid er i sesong samtidig, pleier han å dela opp rabarbraen og legge den i porsjonsposar i frysen.
    – Solvor –

    1. Åh, så lurt Solvor!! Eg har tenkt på å lage pai og syltetøy med jordbær no, men det er ikkje like stas med belgiske jordbær. Då skal eg fryse ned ein god porsjon som eg kan lage syltetøy av til somaren. Tak
      k for supert tips!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s