Ein grøn dag i Haugesund sentrum

2015/05/img_4807.jpg
Byparken

 

I dag skein sola i sildebyen og det var duka for miljøfestival. Eg fekk med meg urtekurs i bakhagen til To glass, økomarknaden og ein kort kik på retromarknaden i byparken. Dette var veldig moro, -og ikkje minst lærerikt!

2015/05/img_4804.png
Økomarknad (Instagrambilete lånt frå @miljogilli)

 

Urtekurset var av Turid Solgård som tidlegare har jobba for Grønn hverdag. No har ho starta eit eige selskap som heiter Miljøgilli («gilli» er eit lokalt haugesundsuttrykk, og betyr «gøy»). Dei driv med kurs og foredrag innan miljø, hagebruk med meir. Ho er kort og godt ei grøn ildsjel her på Haugalandet og var særs artig og interessant å høyre på. Alle deltakarane på kurset fekk med seg ein goodybag med ulike urter. Det var ein goodybag etter mitt hjarte!

Utanføre bakhagen var det ein liten økomarknad kor mellom anna Økokrambua, HiM og Ebne planteutsal hadde stands. Der kunne ein få alt i frå byggesett til plantekassar, hardføre rosesortar passande for vestlandsvêr og økologiske grønsaker.

Det er veldig moro at slike kurs og festivalar blir arrangert her i Haugesund. Det er rett og slett stas å delta og treffe fine, grøne ildsjeler og andre kjekke folk som er opptekne av ein grønare kvardag. Slikt gir påfyll, -og eg håpar inderleg at dei held fram med arrangmenta til neste år!

 

2015/05/img_4803.jpg
Eg og Turid Solgård, -gründer av Miljøgilli

 

2015/05/img_4806.png
Instagrambilete frå @miljogilli

 

2015/05/img_4805.png
Instagrambilete lånt frå @miljogilli

 

2015/05/img_4818.png

2015/05/img_4816.png

2015/05/img_4815.png

2015/05/img_4814.png

2015/05/img_4819.png

Då eg i hyrten og styrten gløymde minnebrikka til kameraet på veg ut døra, vert det her mobilbilete og nokre lånte instagrambilete frå @miljogilli.

/Inga

2 thoughts on “Ein grøn dag i Haugesund sentrum

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s