Kjøper du klimakvoter?

IMG_4824
Lunsj på den lokale puben og spasertur på den engelske landsbygda i ekte britisk ruskevèr med fin familie. -Skulle ynskje dette berre låg ein togtur unna, så hadde eg komt kvar helg, Birgitte!

Ei sak som eg har grubla på lenge er dette med klimakvoter. Kva skjedde med dei? Eg veit det offentlege, fleire bedrifter og selskap kjøper klimakvoter for dei tilsette sine jobbreiser. -Men er dette noko privatpersonar kjøper aktivt?

Eit av klimaråda for reising hjå Fremtiden i våre hender, er å fly meir sjeldan og heller vere borte over lengre tid. Altså droppe helgeshoppingturen til London og kjæresteturen til Frankrike i pinsen. -Men det er ikkje alltid like gjennomførbart.

Eg prøver å ikkje fly for ofte, men har allereie flydd fleire turar det siste året og skal fly igjen dei neste vekene. På dei fleste flyturane har dette vore einaste transportalternativet. Vinterferie hjå familie i England og helgefeiring av jubilantar i Milano, let seg ikkje gjennomføre med bil eller tog når ein har begrensa med tid og fridagar frå jobben.

Eg skulle aller helst tatt tog uansett kor eg skulle, men diverre er ikkje togtilbudet noko særleg godt her i Noreg. Eg saknar Tyskland. Der tok me tog på kryss og tvers. Å fly innanriks var sjeldan eit alternativ.  Kvifor skulle me det? Togtilbodet var topp!

Å ta tog er den mest behagelege og hyggelege reiseforma og eg skulle så gjerne hatt moglegheit til å nytte meg meir av det. Men. Så lenge Haukelibanen framleis er ein utopi og me bur i eit land som ikkje ligg midt i Europa, -er fly ofte det einaste alternativet om ein skal til utlandet.

Eg har aldri kjøpt ei klimakvote sjølv, men tenkjer kvar gong eg flyr, at det er noko eg burde gjere. Etter litt aktiv googling i veka, fann eg ein fin oversikt hjå Teknisk ukeblad over stader ein kan kjøpe klimakvoter for å «nulle» ut utsleppet sitt.

Ifylgje Fremtiden i våre hender sin klimakalkulator, vil flyreisa (tur -retur inklusiv mellomlanding) neste helg føre til eit CO2-utslepp på 2448 tonn. For å betale for «vår del» av dette klimautsleppet, kostar det 488 kr. Bidraget fjernar ikkje utsleppet i seg sjølv, men går til ulike prosjekt som reduserer klimagassar og bidrar til ei bærekraftig utvikling. Dette kan du lese meir om her.

Eg har bestemt meg for å kjøpe klimakvoter neste helg, -og det kjennest meiningsfullt og bra.

IMG_4825
…og om denne vingarden utanføre Milano, kokkane og maten hadde vore ein kort togtur unna, -hadde eg heller flytta dit og pendla til Haugesund!

Men. I første rekke tykkjer eg klimakvoter for privatpersonar er alt for uoversiktleg og lite tilgjengeleg. -Tenk om nokon kunne ha laga ein app kor ein kunne ha tasta inn reisa og betalt via mobil der og då. Ein kunne hatt marknadsføring på flyplassane og nådd passasjerane der dei var. Å logge seg inn på ein pc, kanskje opprette ein brukar med meir, skapar for mange barrierer til å gjere det. Tek nokon på seg oppdraget?

Vidare har eg ei tru på at mange i dag er interesserte i å betale litt ekstra for miljøet, -og for sine eigne utslepp. Folk sitt engasjement og givarglede når ein har innsamlingsaksjonar for Plan, Kirkens nødhjelp og andre organisasjonar er imponerande. -Ja, delar av skattepengane går til bistandsarbeid, -men det gjer godt å kunne bidra litt direkte sjølv. Delar av statsbudsjettet går også til klimakvoter og andre miljøtiltak, men også her trur eg folk sit med ei givarglede. -Eller snarare eit ynskje om å betale for seg. Å kjøpe klimakvoter når ein er ute og flyr, er eit heilt konkret miljøtiltak som går på eigne CO2-utslepp. Det er enkelt å relatere seg til.

Kva trur de? Er klimakvoter berre ein måte å kjøpe seg bort frå dårleg samvit, eller er det eit fint, grønt bidrag når folk uansett skal ut og reise? Kjøper du klimakvoter når du skal ut og fly? Kvifor? Kvifor ikkje? 

Les også:
Ti spørsmål og svar om klimakvoter

/Inga

6 thoughts on “Kjøper du klimakvoter?

  1. Takk for et viktig innlegg! Jeg skal også kjøpe for neste tur. Det er definitivt mye å hente her. Flyselskapene burde vel oppfordre reisende til å legge på denne avgifta når de kjøper billett, eller strengt tatt ta kostnaden selv 🙂

  2. Dei fleste flyselskap har ei klimaavgift med i prisen, men eg er usikker på om den dekker heile utsleppet. Så bra at du skal i gong med å kjøpe klimakvoter! Heia!

  3. Jeg kjøpte klimakvoter før, men nå er jeg mest kritisk, fordi det er en løsning som bommer på målet. For det første, som du skriver, omgjør ikke støtten til klimatiltak den skaden som skjer ved flyturen – og har man penger til overs, kan en jo støtte disse klimatiltakene uansett. For det annet bidrar det til å legitimere flyreising, og det kan føre til at folk flyr mer enn de ellers ville gjort. For eksempel er det forskning som viser at de som gjør flest små til moderate miljøtiltak i hverdagen, ender opp med større karbonavtrykk enn dem som ikke gjør noe i det hele tatt, fordi de tenker at de har vært så flinke at de kan unne seg noe ekstra, som en reise. Det å reise med fly er det mest miljøskadelige en privatperson kan gjøre, noe vi vel alle vet, men likevel blir selv de mest miljøengasjerte borgerne klimaskeptikere når ferien skal planlegges …

  4. Eg ser kva du meiner, og eg har sjølv ein liten frykt for at eg skal byrje «å unne meg klimautslepp» fordi eg prøver å begrense meg elles i kvardagen. Det beste er som du skriv å droppe flyturen heilt, men samstundes er det nokre gonger vanskeleg å unngå flyturen fordi det ikkje finst andre alternativ, -og då kan det vere fint å betale ein sum for utsleppet sitt.

    1. Jeg skjønner hva du mener. Jeg har også tenkt slik – og handlet på det -, men nå tror jeg den typen tenkning kan være en del av problemet. Hvis det ikke er andre alternativer, kanskje man rett og slett bør avstå, med mindre det er absolutt nødvendig. Klimaforsker Kevin Anderson brukte for eksempel ti dager hver vei for å komme seg til en konferanse i Beijing, fordi han ikke lenger har samvittighet til å fly.

      1. Åh, eg las om han i D2 på fredag. Imponerande og inspirerande type! Ja. Eg er enig med deg, men skal innrømme at det er utfordrande å etterleve, når ein innimellom føler at fly er einaste alternativ. Eg øver meg på å droppe unødvendige flyturar og ser at det allereie hjelper, då eg fly mindre enn før. Det er ein liten trøyst. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s