Mat for sjela

Det er ei stund sidan eg har skreve om Mat for sjela, så her kjem ei lita liste med fire saker som set sølvkant på tilværelsen og ei sak som gir klump i halsen, men som likevel er viktig føde.

– radio. Eg som ikkje høyrte noko særleg på radio før, har blitt ein radiojunkie. Morgonlokalen på P1, P3-morgen og Politisk kvarter, P1 og P2 i som bakgrunnslyd i helgene og diverse podcasts på kveldstid. Det er heilt nydeleg!

– bloggen Sprekfisene. Ein treningsblogg etter mitt hjarte. Treningsøvingar, mykje humor og  sjokoladetestar. Eit kinderegg for oss som elskar Walters like mykje som me elskar endorfinar.

– mørk sjokolade med sitron og ingefær. Hellooo lovah.

– at sonen er blitt hekta på Emil i Lønneberget. Endeleg ser han på noko som eg skjønar handlinga av! Drømmehagen og Lille Jack er forvirrande saker. No er det Emil, Petter Kanin og Elias som gjeld, -og då er det rett fram koseleg å stå opp i otta og drikke kaffi foran skjermen. (Og er det andre som er begeistra for dialektrikdomen i barne-tv no om dagen? Brått er det ikkje berre Oslo-mål, men nordlendingar, sunnmøringar og bømlingar om kvarandre. Eg elskar det!)

– boka Den største forbrytelsen av Marte Michelet. Eg såg dokumentaren Trikken til Auschwitz i mai og den traff rett i magen.  Eg har sett mange dokumentarar og filmar om 2. verdskrigen og holocaust dei siste åra, men denne skilde seg ut. Samuel Steinmann sine skildringar gjorde djupt inntrykk og eg tar meg framleis i å gå og gruble på dokumentaren.  Då mannen fekk Michelet si bok til bursdagen, måtte eg difor lese den med ein gong. Den er enormt god i skildringane og bodskapen blir servert på same vis. Nøkternt, men brutalt ærleg, ubehageleg og rystande. -Og slik mat for sjela treng me diverre framleis, så lenge det finst holocaustfornektarar og antisemittisme blant oss. Ei viktig bok som alle bør lese.

Kva fin/bra/viktig mat for sjela har de hatt dei siste vekene? Eg gler meg til å høyre!

/Inga

2 thoughts on “Mat for sjela

  1. Åååh, mørk sjokolade med sitron og ingefær er heilt fantastisk!! 😉 Petter Kanin og forsåvidt, men den gode gamle med Beatrix Potter sine illustrasjonar 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s