Ramslaukpuré

2015/06/img_4544.jpg
Ein kan diverre ikkje formidle lukt via bilete, men denne bolla med ramslaukblad dufta intenst kvitlauk. Heilt nydeleg.

I byrjinga av mai hadde eg ein plan om å sanke ramslauk for første gong. Eg har kjøpt Nøring sin ramslaukpesto i mange år, då den er så utruleg god både som topping på suppe og pizza, til pasta, i dressing og på brødskiva. No var det på tide å prøve sjølv, -og å skape ein ny vårtradisjon!

Før eg fekk sukk for meg, kom ein god nabo i Etne innom på døra med ein plastpose full av lekre ramslaukblad. Fantastisk! Turen vart utsett og eg laga same ettermiddag ramslaukpuré av alt. Det smakte fantastisk. Eg har til no brukt puréen til ovnsbakte poteter, til pasta og som basis i pesto eller kryddersmør. Det anbefalast!

Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Lise Finckenhagen og fekk nok til tre små glas. Neste vår skal eg lage meir, slik at eg kan fryse ned og spare til grillsesongen, -for ikkje å nemne til gode haustgryter eller for å pimpe opp tysdagspastaen på ein kjip gråversdag.

Det er kort og godt luksus å ha slike sesongsmakar på lur! Ingenting framkallar minne som smakslaukane, så då kan ein kjenne litt på våren også når hausten står på trappene.

Ramslaukpuré

– ca. 400 g reine og tørre ramslaukblad
– ca. 4-5 dl nøytral olje. Eg nytta rapsolje.
– 2-3 ts salt

Køyr alt i blender eller med stavmiksaren. Hell på sterile glas og ha litt olje på toppen for å forsegle purèen. Lukk igjen glaset og sett til kjøling.

Men viktigast av alt: nyt!

/Inga

2015/06/img_4556.jpg
Tenk at så få ingredienser kan bli til ei skikkeleg smaksbombe!

2015/06/img_4574.jpg

2015/06/img_4581.jpg
Ramslaukpuré på rista brødskiver. Med eit glas mjølk. Nam!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s