Solbærte

I mai klypte eg blad av den eine solbærbusken og brukte dei til noko fint, nemleg solbærte!

Eg har ikkje prøvd å tørke te på eiga hand utanom mynteblad før, men det vart eit godt resultat. Om ein ventar raud, søt solbærte som ein kjøper i butikken, vert ein lett skuffa, men ikkje fortvil, -denne er meir enn god nok!

Dei fine grøne blada er dekorative som berre det og teen får smak av solbær. Styrken justerer ein med mengde blad. Sunt og bra for kroppen er det også!

Klypp av blad frå ein solbærbusk. Skyll og tørk blada. Fordel dei utover ei steikeplate og tørk på 30 grader i omtrent 1,5-2 timar. La dei kvile på steikebrettet over natta slik at det vert heilt tørt før du har det over på ein behaldar.

/Inga

2015/06/img_4524.jpg

2015/06/img_4527.jpg

2015/06/img_4538.jpg

2015/06/img_4543.jpg

2015/06/img_4541.jpg

2015/06/img_4583.jpg

2015/06/img_4584.jpg

2015/06/img_4586.jpg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s