Eit lite hudpleietips

2015/06/img_5047.jpg

Eg har prøvd mykje rart av hudpleie dei siste åra og sjeldan kjøpt det same igjen. Kort og godt fordi eg aldri tykkjer produkta heilt virkar, ikkje gir nok fukt, eller gir huden rare biverknadar. Eg har tørr og ømfintleg hud og blir raskt raud og tørr.

I tillegg er eg lat. Hudpleie skal helst vere enklast mogleg, bestå av færrast mogleg produkt og vere «svinte gjort». Klæsj på og ut av døra! På toppen av det heile skal produktet helst vere litt grønt.

Det er difor på tide med eit tips. Eg har nemleg fått noko så sjeldent som ein fast følgesvenn i tolettveska (les: plastposen) det siste halvåret. Eit enkelt produkt som gir huden mykje fukt, gjer huden mjuk og merkbart finare, og som i tillegg er litt grøn.

Arganolja frå Dr. Organic kjøpte eg på helsekosten og eg nyttar den to gonger til dagen. Nokre dråpar under fuktighetskrem på morgonen, og eit par dråpar over den same kremen om kvelden. Enkelt og lettvint, -akkurat slik eg må ha det.

Ha ein flott kveld!

/Inga

4 thoughts on “Eit lite hudpleietips

    1. Eg brukar Almond Soothing Facial Cream frå Weleda. Den er også blitt ein stor favoritt! Snille ingredienser og ein heilt enkel og god krem for sensitiv hud.

  1. Jeg synes hudpleie er veldig vanskelig, men har landet på et par-tre produkter fra MyChelle Dermaceuticals som fungerer, fra den rosa serien for tørr hud. Miljøsamvittigheten er riktignok ikke helt ren, for jeg må bestille det fra utlandet, men i seg selv er produktene dyre- og miljøvennlige. Jeg merker likevel, når jeg nå har funnet noe jeg kan bruke, at trangen til å prøve noe nytt er der, godt hjulpet av at produktene jeg bruker nå er litt i dyreste laget, men skal jeg teste ut enda mer, øker jo bare risikoen for at jeg kjøper noe jeg ikke kan bruke og som må kastes.

    1. Åh, eg kjenner meg igjen! Eg har kjøpt mykje feil og brukt mykje pengar på ulike hudprodukt eg har blitt freista av. No har eg landa på to produkt som eg får tak i på helsekosten, og bestemt meg for å halde meg til dei så lenge det er «godt nok». Eg merkar tydeleg at kva eg et, drikk og at eg får nok søvn har meir å seie for huden enn kva eg smører på den. Eg har difor blitt meir skeptisk med åra. MyChelle skal forresten vere veldig bra!! Ikkje dumt å fortsette med det ein merkar fungerer!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s