Utvisking av grensa mellom vaksenkropp og bornekropp

2015/07/img_5109-4.png

Aftenposten skreiv i går om bikini som no finst i str. 98. Den same størrelsen som sonen min på 1,5 år brukar. Eg tykkjer det er heilt absurd, men mest av alt trist.

Kroppsfokuset har blitt enormt dei seinaste åra samstundes som me ser ein ny type pietisme. På den eine sida er sosiale medie og media generelt gjennomsyra av avkledde, poserande kroppar. Ungdom og vaksne kler av seg og byr meir og meir på eigne kroppar, -i retusjert og redigert format.

På den andre sida ser ein ei dreiing vekk frå naturleg nakenhet. Ungdom dusjar ikkje lenger nakne i fellesdusjen og mange kvir seg for å vise seg på stranda utan «somarkroppen 2015». Retusjert kropp er in, naturleg kropp er ut.

Dette er eit stort paradoks og direkte skummelt. Me held på å fjerne oss frå kvardagskroppen, og forholdet til kropp blir meir og meir anspent. Kropp er ikkje lenger noko ein har, men noko ein er. Korleis ein ser ut er blitt ein viktig identitetsmarkør, og det er den seksualiserte, poserande og trente versjonen som er i fokus.

-Så kva skjer når me byrjar å utstyre 2-åringar med bikini? Det er det same som å seie til bornet at det har noko å skjule. Frykten for at bornet sin nakne kropp skal bli iakttatt av andre, fører til ei seksualisering av den same barnekroppen når me trer på eit flatt barnebryst ein bikinioverdel.

Jenter og gutar er like frå magen og opp fram til dei kjem i puberteten og at jenter i barnehagealder skal skjule deler av kroppen med ein bikini er ulogisk og rart.

Utviskinga av grensa mellom barnekropp og vaksenkropp er uheldig og det er det som skjer når me tillet små jenter å gå med bikinioverdel og bh.

Me som er foreldre i dag har eit enda større ansvar for å formidle eit avslappa forhold til kropp enn tidlegare. Då må me la borna få ha bornekroppane sine i fred, ta dei med i svømmehallen og andre arenaer kor ein kan sjå kvardagskroppar i fri utfalding. Det skuldar me dei når kroppsfokuset elles er så redigert og uekte.

Kva tenkjer de om dette?

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s