Ein kan vere både feminist og ha mannen sitt etternamn

Det har vore stor debatt rundt kvinner si namneendring dei siste dagane og den har vore interessant å fylgje.

-Ja, det er eit tankekors at heile 80% av norske kvinner tek mannen sitt etternamn. Det er framleis usynlege strukturar som bremsar likestillinga i Noreg. Samstundes tykkjer eg debatten har vore alt for bastant og einsidig.

Martine Aurdal uttala i Ukeslutt at ho haldt på etternamnet sitt for å vise respekt for den likestillingskampen tidlegare kvinner har kjempa. -Men handla ikkje denne kampen om retten og fridomen til å velje slik som ein sjølv vil, -uavhengig av kva samfunnet, mannen eller familien din elles skulle meine?

-Om det er politisk ukorrekt å velje mannen sitt etternamn, sjølv om det er eit bevisst og sjølvstendig val, -så har ein framleis ikkje ein reell valfridom. Dersom det skal vere ein fasit for kvinner sine val i 2015, er det triste nyhende for likestillingsarbeidet.

Eg vaks opp med mor og far som hadde ulike etternamn. Me borna fekk mor sitt namn som mellomnamn og far sitt namn som etternamn. Likevel valde eg å halde på mitt eige mellomnamn og ta mannen min sitt etternamn då eg gifta meg. Det var kanskje det mest bevisste valet eg tok rundt bryllaupet vårt, utanom valet av kva mann eg skulle gifte meg med.

I denne debatten er det særs mange stemmer som hevdar at dei 80% som tek mannen sitt etternamn, tek eit ubevisst val styrt av fordums forventningar og tradisjonar. Det er godt mogleg at det gjeld fleire. -Men kva med oss som aldri kjente ein forventning, men som tok eit bevisst val saman med mannen me skulle gifte oss med om å ha eit felles etternamn? For vår del valde me å gå for mannen sin etternamn av ulike grunnar, men ikkje fordi det var nettopp mannen sitt. Hadde han hatt eit meir alminneleg etternamn, kunne han like gjerne tatt mitt.

Skulle me likevel heller ha valt mitt etternamn for statistikken si skuld?

I kor stor grad skal enkeltpersonar ta personlege val på tross av det dei eigentleg ynskjer for å betre likestillingsstatistikken? Og er verkeleg namnestatistikken det beste termometeret på norsk likestilling? Dersom det er slik at norske arbeidsgjevarar nedvurderer kvinner som har tatt etternamnet til mannen, seier dette strengt tatt meir om arbeidsgjevarane enn om kvinnene. Ei kvinne er seg sjølv nok, uansett kva ho heiter til etternamn.

Og viktigast av alt:

ein kan vere både feminist og ha mannen sitt etternamn.

Kva tenkjer de? Det hadde vore spanande å høyre. 

/Inga

4 thoughts on “Ein kan vere både feminist og ha mannen sitt etternamn

  1. Det at nokon i denne debatten hevdar at dei som tek mannen sitt etternamn, tek eit ubevisst val styrt av fordums forventningar og tradisjonar, trur eg faktisk ikkje er representativt for kva folk flest meiner. Kanskje naivt, men det vel eg å tru. Det er viktig det du seier om at likestilling handlar om å faktisk ha mogelegheit til å ta eit sjølvstendig val, ikkje nødvendigvis kva ein vel.

    1. Eg er enig med deg. Eg er ikkje tvil om at det finst usynlege strukturar som me må ta bevisste val for å bekjempe, men må me ta dei på tvers av eigne ynskje? Var det verkeleg det kvinnesaksforkjemparane ynskte? Eg trur ikkje det.

  2. Jeg tenker at folk kan velge hva slags etternavn de vil ha. Enten det er å beholde sitt eget navn eller bytte til mannens etternavn (evt. ha begge to). Om man vil ta mannens etternavn, la man nå ta mannens navn. Så lenge man har frihet til å velge selv hva slags etternavn man vil ta, så bør man jo få lov til å velge hva slags etternavn man vil ta. Enten det er sitt eget eller mannen sitt. Bare det å ha friheten til å velge synes jeg er viktig. Jeg vet ikke om jeg er teit som sier det, haha. Men jeg synes det er så riktig det du skriver; en kan være både feminist og ha mannen sitt etternavn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s