Økokrambua

DSC_0795

I somar opna Økokrambua ny butikk i Haugesund. Dei har til no hatt butikk i Åkrehamn, men endeleg opna dei også her i byen! Dette er kort og godt ein butikk som sel økologiske produkt, -i all hovudsak matvarer, men også andre varer som hushaldningsprodukt og hudpleie.

Det er ein real snopebutikk om du er på jakt etter økologiske variantar av det du måtte trenge. Prisnivået ligg stort sett på det same som dei økologiske varene hjå matvarekjedene, men her finn du alt på same stad. Det er i tillegg særs god service og ein får nettopp ei krambu-stemning når ein kikar innom. Det likar eg!

DSC_0797  DSC_0793  DSC_0812

Eg fann ein heil del varer eg gler meg til å prøve ut. Økologiske kalkun- og kyllingprodukt frå Homlagarden i Hardanger, mjølvarer frå Hollimølle og ikkje minst;  iskremen frå fantastiske Isrosa! Ai ai ai! Eg smakte rabarbraisen og sjokoladeisen, -og dei var himmelske.

DSC_0800DSC_0792DSC_0802DSC_0801DSC_0860

Stikk innom (nord i Haraldsgata) for ein is, for ein skikkeleg handel eller berre for å kike, -det kan anbefalast!

Det skjer mykje bra innan grøn kvardag på Haugalandet om dagen, så eg har oppretta ein ny kategori;  «Grønt på Haugalandet«.  Her vil eg legge inn tidlegare og nye postar om saker som skjer, stader ein bør besøke etc. Det vert eit litt lokalt fokus, men eg håpar de som les bloggen andre stader i Noreg (og i utlandet) likevel vil henge med! 🙂

 /Inga

2 thoughts on “Økokrambua

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s