Mat for sjela

DSC_0788Det er på tide med ein ny Mat for sjela-post. For de som er nye, er dette kort og godt ei liste over saker og ting som, ja gir mat til sjela, men som ikkje nødvendigvis inneber shopping, bruk og kast.

Del gjerne kva for nokre små (og store saker) som har sett sølvkant på dykkar dagar den siste tida også! 🙂

  • bryggebrød, ølbrød, avfallsbrød. Kjært barn har mange namn. Forrige helg brygga mannen IPA og mormor nytta mesken i brødbakst. Det smakte himmelsk og heldigvis fekk me med oss to brød tilbake til byen. Det betydde ekstra fjonge frukostar denne veka!
  • å oppdage ei fin ny kaffiplass. Totalen, eg kjem tilbake!
  • Innsirkling-triologien til Carl Frode Tiller. Ein mann har mista hukommelsen og ei avisannonse etterlyser brev frå gamle kjende som kan kaste lys over kven han var og er. Breva sirklar han sakte men sikkert inn, samstundes som me får eit usminka innblikk i liva til avsendarane. Eit bokprosjekt med ei særs kreativ vinkling og ekstremt gode menneskeskildringar.
  • norske jordbær. Ah!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s