Byhagen Haugesund

DSC_0841

I forrige veke fekk eg omvisning i nyoppstarta Byhagen Haugesund av styreleiar Stine Mills. Dette er eit lite område i Haugesund sentrum kor ei gruppe ildsjeler har bygd ein urban nyttehage. Her har dei sådd urter, salat, grønsaker og blomar, -midt i byen!

DSC_0817

På sikt skal folk som bur i byen, barnehagar og organisasjonar kunne leige åkerkassar som dei kan dyrke i. Det er litt som ein mini-kolonihage og heilt i gata til urban farming-konseptet. -Lag og dyrk mat lokalt.

Eit skikkeleg imponerande aspekt ved Byhagen Haugesund, er at prosjektet har kosta så og sei ingenting. Gruppa har fått låne den gamle Thon-tomta som har lege ubrukt lenge. I utgangspunktet skulle det komme eit hotel her, men enn så lenge har dette vore ein tom flekk midt i byen. Ved å bygge ein flyttbar hage, får Byhagen-gruppa disponere området gratis fram til dei finn ei anna eigna tomt.

DSC_0844

Åkerkassar, benker og bord er bygde av paller og pallekassar dei har fått sponsa av ulike instansar. HIM (Haugaland interkommunale miljøverk) og Grønn hagepleie har stått for jord og gjødsel. Alt arbeid er gjort på dugnad, frå spikring og planting til utforming av logo og marknadsføring. Imponerande!

Det er utruleg fint at slike tomme og grå byrom blir omgjort til grøne lunger for folk i byen. Slik hever ein livskvaliteten i byane, -det er eg sikker på. At området også er til nytte via dyrking, matproduksjon og kunnskapsformidling, er ei fin videreutvikling av dei vanlege, passive grøntareala ein allereie har i byane. Vinn vinn!

DSC_0818DSC_0820DSC_0823DSC_0829DSC_0826DSC_0835

Lik Byhagen Haugesund si Facebook-side for oppdateringar og informasjon. Her kan ein også melde seg om ein kunne tenke seg å jobbe dugnad, er interessert i å leige åkerkasse eller har andre spørsmål!

/Inga

2 thoughts on “Byhagen Haugesund

  1. Så utrolig fint! Hadde jeg bodd i Haugesund hadde jeg uten tvil tatt turen innom. Må kanskje undersøke om det finnes noe lignende her i Trondheim også!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s