I sesong / August

Bilete frå august 2013 då me budde nært den fine Grøntbua i Lier.
Bilete frå august 2013 då me budde nært den fine Grøntbua i Lier.

August er ein av månadane med størst mangfald av norske varer i frukt- og grøntdisken. Det er utruleg mykje godt som er i sesong, så dette er månaden for å nyte ( og sanke, sylte og hermetisere om du gjer det)!

Eg skulle så gjerne ha vore på blåbærtur i år, men det næraste eg kjem plukking vert nok i butikken. Tida strekk ikkje heilt til, -men multeplukkinga tenkte eg eg skulle få med meg. Eg gjekk og telte multeblom tidlegare i somar og det såg ut til å bli bra med bær. Eg krysser fingrar og tær for at det stemmer!

Elles gler eg meg til å prøve omnsbakt blomkål som skal vere rasande godt, salatar i lange banar og bær i alle former og fargar. Hurra for august!

Grønsaker:

  • Blomkål
  • Brokkoli
  • Bønner
  • Dill
  • Fennikel
  • Gresskar
  • Graslauk
  • Grønkål
  • Gulrot
  • Jordskokk
  • Hovudkål
  • Hjartesalat
  • Isbergsalat
  • Kinakål
  • Kålrot
  • Lauk
  • Mainepe
  • Mais
  • Mangold
  • Pastinakk
  • Persille
  • Persillerot
  • Potet
  • Purre
  • Reddik
  • Rosenkål
  • Raudkål
  • Ruccola
  • Savoykål
  • Sellerirot
  • Sjalottlauk
  • Spinat
  • Squash
  • Stangselleri
  • Sukkererter
  • Tomat
  • Vårlauk

Frukt:

  • Eple
  • Kirsebær
  • Morell
  • Plomme
  • Pære

Bær:

  • Bjørnebær
  • Bringebær
  • Blåbær
  • Jordbær
  • Multer
  • Rips
  • Solbær
  • Stikkelsbær
  • Tyttebær

Kjelder; Fylkesmannen i Vestfold, Hordaland og Sogn- og Fjordane og bloggen Kjernesunn Nordkvinne.

Gi eit lite vink om eg har gløymt noko!

/Inga 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s