Kortreist ferie / Åkrasanden

DSC_0885
Pode med arva solhatt og ein snart for liten body som vart omgjort til t-skjorte i ein fei med ei saks. Gjenbruk og hyrten-og-styrten-redesign i skjønn forening.

Tenk at ein søndag ettermiddag blotta for planer brått kan bli til ein avstikkar til rivieraen! Det skjedde i dag.

Det har ikkje vore mange varme somardagar dei siste månadane, men i dag var ein slik perfekt somardag som kjem til å varme oss langt ut på hausten. Då det vart i varmaste laget for både meg og litlemann i husveggen, pakka me bokstavkjeks, solkrem og spade og sette snuten mot Åkrasanden på Karmøy.

DSC_0896

Åkrasanden er ei fantastisk vakker sandstrand som er som tatt ut frå rivieraen. Einaste haka er at veret er, kremt, litt meir vekslande og det er den kalde Nordsjøen som slår inn mot strendene.

-Men. Så får ein slike dagar som dette og då er Åkrasanden på høgde med det meste. Vakker, asurblå sjø, kvit sand og badeglade folk. Det kan ikkje bli betre enn det. O som starta badesesongen i Les Issambres, avslutta den i liknande omgjevnadar, -berre ein svipptur frå husdøra. Tenk på det!

DSC_0887

Dette var første badeturen til stranda, men det er heilt klart ikkje den siste. Kortreist sydenferie fall i smak både hjå liten og stor, og til neste år skal me nytte oss av denne fine staden i langt større grad. Det er heilt klart etter denne fantastiske ettermiddagen.

Håpar alle har hatt ein strålande somardag!

/Inga

Psssst! Og noko av det beste; -heimvegen innebar verken venting på flyplass, kø eller bortkomen bagasje. Etter 30 minutt var me heime igjen til kveldsmat og vår eiga seng. -Det var luksus det!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s