Statsbudsjettet og lokale utslepp

Bergen

Hei!

Dei siste vekene sprang av garde og denne notisboka har lege på vent. No er det rolege (men spanande) tider igjen då eg går i ring heime og har termin om tre dagar (!). Det er altså stille før stormen og eg prøver å slå i hjel tida med å mellom anna hause meg opp over statsbudsjettet.

Men først: Ei erfaring under studietida mi i Bergen er kanskje det som har vekka meg mest i forhold til klima og miljø. Etter å ha kryssa Puddefjordsbua kvar morgon lukta det eksos av kleda og håret vårt då me kom til lesesalen. Samstundes vart eg tyngre og tyngre i pusten. Til slutt måtte eg byrje på astmamedisiner igjen etter å ha vore årevis utan. Etter eg flytta frå Bergen, vart pusten betre igjen og eg kunne legge bort inhalatoren. Likevel var det ubehageleg å tenkje på korleis utsleppa frå biltrafikken hadde så stor innverknad på klima, miljø og folkehelse lokalt, -og ikkje berre langt oppe i ozonlaget!

For nokre veker sidan vart Noreg felt i EFTA-domstolen for dårleg luftkvalitet som bryt med EØS-reglande. Dette gjeld særleg storbyane Bergen og Oslo. Nivåa av svevestøv, nitrogendioksid og svoveldioksid er på helseskadeleg nivå og det er stor sett grunna bilkøyring.

I går la Meterologisk institutt fram ein ny rapport som viser at omlag 2000 bergensarar lever i helseskadeleg luft, -året rundt. Dette er ein ny bekreftelse på kor alvorleg dette er.

Då er det eit kjempeproblem at det same dag vert lagt fram eit statsbudsjett kor 6 av 10 samferdselskroner går til veg og berre fire til jernbane. På toppen av det heile vert det dyrare å reise kollektivt då regjeringa aukar momsen på billettane. Regjeringa argumenterer med at ei betring av vegnettet vil gjere det meir energieffektivt å køyre, men når ein i same budsjett gir mindre til jernbane enn tidlegare og gjer det dyrare å reise kollektivt, kan dette føre til at langt fleire vel bil framfor tog, trikk og buss. -Og då går vinninga opp i spinninga.

Utslepp frå personbilar og tungtrafikk fører ikkje berre til globale klimautslepp, men er også den forureininga ein merkar best lokalt. Når det kjem så sterke signal om at Noreg har ei stor utfordring på dette feltet, er det underleg at ein held fram med den sterke satsinga på veg, let etterslepet på jernbane fortsette og skyv rekninga for bruk av kollektivtrafikk over på forbrukarane. Dersom ein ynskjer at folk skal la bilen stå og nytte kollektivtrafikken i større grad, er dette statsbudsjettet trasige saker.

Kva meiner de? Er det andre sider ved statstbudsjettet som får tommel opp eller tommel ned?

Ha ein fin dag!

/Inga 🙂

2 thoughts on “Statsbudsjettet og lokale utslepp

  1. Dyrere kollektivtransport er virkelig en dårlig nyhet!

    Det er ekskluderende for mange med dårlig råd eller med miljøbevisste tanker. Er ærlig talt ikke sikker på om det er mange steder i Norge at det lønner seg med kollektivtransport..

    Del gjern innlegget ditt på Samfunnspraten på Facebook.

    Ønsker deg lykke til med de siste dagene til termin.

  2. Takk for det! Eg deler gjerne innlegget mitt der! 🙂

    Per no er mitt inntrykk at det er alt for dårleg satsing på kollektivtransport over heile landet. Å få folk til å bruke beina, sykkel eller kollektivtrafikk er ein enormt effektiv måte å redusere lokale (og globale) utslepp på, så det er synd at det ikkje vert høgare prioritert. Det er staten som må legge til rette for, og gjere det attraktivt å ta kollektivtrafikk. Det er ikkje forbrukaren som må ta ansvaret og rekninga. Det er eit særs viktig prinsipp. Likevel syner dette statsbudsjettet noko anna.

    Takk for at du kika innom og la igjen kommentar! Ha ein fin kveld! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s