Mat for sjela

DSC_1045

Når ein oppdagar at «den miljøvenlege bilen» ein leasa for to år sidan er dekka av Volkswagen-skandalen, -då er det på tide med ein ny Mat for sjela-post! Huff og huff.

Mat for sjela den siste tida har vore desse fine sakene:

  • Å delta på Baklukesalg på Rådhusplassen i Haugesund. Min debut som seljar på loppemarknad gav meirsmak! Der var utruleg mange kjekke folk, god stemning, koseleg drøs og jaggu fekk eg seld mange ting også! Ein sosial, økonomisk og fin-fin måte å få rydda litt opp i boden på.
  • Varmt vatn med fersk ingefær, chili, sitron og honning. Eit skikkeleg heksebrygg som eg har drukke litervis av dei siste dagane for å prøve å jage vekk basseluskar, -men også fordi det smakar så godt!
  • Morgenbladet. Eg har eit prøveabonnement for tida og skjønar ikkje kvifor eg ikkje abonnerer fast. Laaaaaange artiklar om interessante saker som gjer meg litt klokare og ei fin avveksling frå hurtigklikkinga på nettavisene.
  • Broen 3. Saga Noren. Nuff said.
  • Å gå og vente på at ein liten baby skal kike ut. Spanande, skummelt men mest av alt veldig fint.

DSC_1048

Men. Så var det denne bilen. Som me leasa «fordi den hadde lågare utslepp grunna ny teknologi». Huff og huff. Heldigvis har planen om å bruke bilen mindre etter at me flytta slått til, og me kunne i haust redusere planlagd køyrelengde og leasingavgift. Grunnen er at den nye kvardagen vår inneber meir sykkel og gåing og bilen får oftare og oftare stå i garasjen. Det er veldig veldig stas å sjå at me med enkle grep (og utan at me nesten har merka det) lever litt grønare enn før!

Likevel er det eit stort ynskje å ha ein enda meir miljøvenleg bil til neste år. Om det er nokon som har nokre gode tips innan hybrid og/eller el-bil, kom gjerne med dei i kommentarfeltet! Her har eg mykje å lære.

God fredag (og del gjerne di mat for sjela også)!

/Inga 🙂

2 thoughts on “Mat for sjela

  1. Ja, hvorfor har jeg ikke abonnert på Morgenbladet før? Nå assosieres fredag med Morgenbladet og sånn må det fortsette å være. Godt å høre at flere har samme opplevelse!

    Loppemarked er en genial oppfinnelse, noen får ryddet i skapene sine, noen får noe de trenger og tingene får mye lengre varighet – det er iallfall miljøvennlig!

    God helg.

  2. Ja, ikkje sant! Loppemarknad er gull, -både for kjøp og sal! Morgenbladet på fredagar er ein fin-fin måte å starte helga på!

    God helg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s