Støtt Regnskogfondet

Uten navn

TV-aksjonen er eit fantastisk tiltak og i år handlar det om miljø.

Regnskogen er kloden si lunge, men halvparten er forsvunne sidan 2. verdskrigen. Kvart minutt forsvinn regnskog på størrelse med 12 fotballbanar! Dette er dramatisk for dyreliv, menneskeliv og kloden.

Det er ikkje berre ein, men mange grunnar til å redde regnskogen. Regnskogen er først og fremst eit utruleg smart karbonlager som bremsar den globale oppvarminga. Det samla arealet til regnskogen dekker berre 6% av kloden, men over halvparten av plante- og dyreartane i verda finn ein her. Då ein rekner med at ein ein berre har oppdaga 15% av alle artane i verda, er regnskogen eit skattekammer av dimensjonar! Kanskje kan ein ny antibiotikakur eller løysinga på kreftgåta skjule seg der? Sist, men ikkje minst, husar også regnskogen 260 millionar menneske som risikerer å miste samfunna sine. Dette er uendeleg trist.

Samstundes som nedskoginga trugar dei lokale tilhøva, angår dette også oss andre i aller høgaste grad. Auka ekstremtvêr i Noreg, er resultat av at regnskogen forsvinn. Me lever ikkje på ein eigen klode oppi nord, men er del av eit globalt samfunn og klima kor alt heng saman. Regnskogen er like mykje vår regnskog.

Det norske Regnskogfondet gjer ein fantastisk jobb, og i dag er det vår oppgåve å støtte dei i det vidare arbeidet. Her har kjekke bøsseberarar vore på besøk i dag, -men om du ikkje fekk besøk eller ynskjer å støtte meir, er det framleis mogleg!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s