Because Plastic Bags are So Yesterday

Mykje av avfallet me produserer gjennom ein dag, kan ein enkelt redusere. Ta for eksempel dei tynne plastposane som me bruker til frukt og grønt i butikken. Dei fungerer som oppbevaring for grønsakene frå butikken og heim, men i det me tømmer handleposane, havnar desse små plastposane ofte rett i søpla. Eventuelt har dei eit kort stopp i kjøleskapet, før dei til slutt blir kasta. Dette er ei utruleg kort brukstid og når dei fleste forbrukarane gjer dette, fører det til mengder av plast i avfallet. Då plast brukar lang tid på brytast ned, er dette eit stort miljøproblem.

Heldigvis finst det enkle og fine måtar å kutte ut denne vesle plastposen på!

a85b8d6783eab695dfa620e93dfb2a9c

ECOBAGS produserer posar i økologisk, miljøvenleg bomull. Desse kan du ta med i butikken når du handlar frukt og grønt, -og i tillegg er dei kjempefine å oppbevare frukt og grønt i kjøleskapet med. Posane kjem i ulike størrelsar og kan kjøpast mellom anna på iHerb.com.

Om du ikkje har lyst til å kjøpe eigne posar for dette, er eit gulltips å ta i bruk vaskenetta du vanlegvis nyttar i vaskemaskinen. Dei er supre til akkurat dette!

Ecobag-Organic-Net-Drawstring-Produce-Bag-Large

Med omsyn til handleposane, finst det mange fine alternativ på marknaden. Eg har ein kasse med handlenett ståande i gongen, slik at dei alltid er enkle å hanke med seg på veg ut døra. Fine handlenett kan ein finne hjå ECOBAGS,  Epla, Etsy og Baggu.

Handlenett frå Baggu
Handlenett frå Baggu

Kvifor ikkje kjøpe eit sett handlenett til nokon i julegåve? Det er mange stader ein kan bestille med eige trykk, namn eller anna design. Hjå JapanPhoto kan ein til dømes bestille handlenett med eigne bilete trykt på posen. Er du god på handarbeid, kan du på toppen av det heile sy dine eigne. Dette er ei nyttig og kjempefin gåve til den som har alt!

Eg har skreve om bruk av handlenett tidlegare her.

Ha ein fin fredag!

/Inga

4 thoughts on “Because Plastic Bags are So Yesterday

  1. Bra innlegg! 🙂
    Vi begynte for en del måneder å kutte ut plastikkposer til brød. Kjøpte noen poser i lin på Etsy og har brukt de siden. Fungerer kjempebra! Holder brødene fine og de tørker ikke ut. Vi har ikke kommet så langt at vi har tenkt på å erstatte de små plastikkposene man bruker til frukt og grønt enda, men det burde det gjøres noe med. Vi prøver å bruke de flere ganger da, og når de først kastes, så kastes de i plastikk, ikke restavfall. Men burde absolutt prøve å kutte forbruket helt ut. Hvordan er din erfaring med å bruke medbrakte poser til frukt og grønt?

    Handlenett har vi brukt fast til handling i flere år. Det er sjeldent vi får med oss plastikkposer hjem, så den beholdningen har heldigvis minket drastisk. Men har du noen tips til fine søppelposer? Siden vi sjeldent får med oss plastikkposer hjem, så går vi ofte tom for egnede poser. Har prøvd noen søppelposer fra butikken, men de er så tynne at de nesten alltid ødelegges. Ikke optimalt akkurat. Akkurat på dette punktet ser jeg ikke helt hvordan man skal klare å kutte ut plastikkbruken helt, men er selvsagt åpen for ideer 😀

    God helg!

  2. Hei! Erfaringa mi er at det er heilt greit å ha med vaskenett i butikken og bruke dei til frukt og grønt. Eg har spurt i den lokale butikken min om det er greit, og det var det!

    Med omsyn til avfallsposar, har eg lenge vore på leit etter meir miljøvenlege plastposar. Helst skulle eg hatt matavfallsposar i stor størrelse som lettera let seg bryte ned. Så langt har eg ikkje funne noko godt alternativ, men eg har kjøpt ein rull med tynne avfallsposar på butikken. Dei er ikkje nødvendgvis meir miljøvenlege enn dei vanlege handleposane, men dei utgjer mindre plast per pose, og kostar mindre enn handleposane. Tips meg gjerne om du kjem over eit betre alternativ!

    Ei god helg til deg også!

  3. Jeg har noen sånne til frukt og grønt, men jeg bruker dem ikke hver gang jeg handler, for selv om personalet forteller meg at det er greit å bruke dem, ser jeg at registreringen av varene tar lenger tid, og det blir mer krøll, og da føler jeg meg dum som skaper merarbeid og bidrar til lengre køer. Men det er kanskje dumt av meg å føle meg dum …

    1. Nei, ikkje føl deg dum! Det er jo berre ein fin ting! Mi erfaring er at dei tilsette berre tykkjer det er flott at ein tek med seg posar sjølv. Eg har også spurt for sikkerhetsskuld i dei butikkane eg handlar i, og det er berre positive tilbakemeldingar. Så lenge ein kan sjå gjennom nettet kva vare som er i posen, eller at posen let seg enkelt opne, tenkjer eg det er heilt greit. Hugs at det er du som er forbrukaren, og ein skal ikkje undervurdere forbrukarmakta. Kanskje kan dette føre til at butikkane byrjar å selje bomullsposar og nett som kundane kan oppbevare frukt, grønt og andre varer i. Til slutt kunne butikkane kanskje ha kutta plastposane heilt. Det hadde vore noko det! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s