Å kjøpe og selje brukt på loppemarknad

Før 2013 hadde eg liten erfaring med å kjøpe og selje brukt. Det var då sjølvsagt at ein skulle kjøpe nytt! Noko anna var vel litt rart og stusseleg? Eit år med shoppestopp fekk meg likevel på glid, og etterkvart var ikkje brukte ting så skummelt lenger. Det var jo rett og slett genialt, -både for miljøet og lommeboka.

Dei seinaste åra har brukte møblar, barneutstyr, klede med meir kome i hus. Bruktmarknadar, Finn.no og andre bruktstader har blitt hyppig brukt, og det er ofte første staden eg kikar før eg eventuelt kjøper nytt. Det har gitt nokre gode erfaringar som eg tenkte eg skulle dele i nokre bloggpostar.

Først ut er loppemarknaden!

1529787_1630146560591628_6030236731156584422_o

Å selje på Loppemarknad

  • Gratis evt. eit mindre deltakargebyr for å delta
  • I all hovudsak kontantbetaling. Hugs å ta med vekslepengar.
  • Prisklasse 0-500 kr. er enklast å få seld.
  • Pruting er lov!
  • Veldig sosialt og hyggeleg!

Som seljar skal det godt gjerast å selje ein enkelt ting for over 500 kr. Kundane har ikkje god tid til å tenkje seg om, og er som oftast ute etter saker og ting for ein mindre penge. Spar dei meir kostbare sakene til andre salsstader på nett og eventuelt avisannonser.

Ein kan ofte dele loppemarknadkundane i to. Du har dei som ofte går på loppemarknad og som er ute etter særskilde ting. Dei kjem tidleg. Den andre kundegruppa er dei som kiker innom grunna nysjerrighet, som ikkje nødvendigvis er ute etter noko særskild og som kanskje berre la søndagsturen innom. Dei kjem meir spreidd, og er ofte dei som er der til sist. Det er difor lurt at alt er klart på standen når loppemarknaden opnar. Det er då du kan gjere dei beste sala.

Eit siste tips er å sørge for at standen din ser oversiktleg, ryddig ut fin ut. Då er det enklare for kundane å orientere seg. Ha gjerne 20-kronerskassar, 50-kronerskassar etc til mindre saker, så kan du vie bordplass til store ting. Kassane er ofte veldig populære. Har du mykje klede, kan det vere fint å ha med eit klesstativ du kan henge kleda på, slik at dei kjem til sin rett.

1911988_1630146953924922_8782350925927948092_o

å kjøpe på loppemarknad

  • Tenk litt over på førehand kva du vil kike særskilt etter. Dersom du går med ei liste i hovudet, er det lettare å finne noko, enn om du går rundt på måfå.
  • Pruting er lov!
  • Hugs kontantar og tolmod.
  • Ver gjerne tidleg ute, -det er då det er minst utplukka.
  • Ta ein sonderingsrunde først, før du ser nærare på kvar enkelt stand. Då får du silt loppene og ser raskt kor du kan finne noko bra.

1973180_1630147203924897_4782731481539348000_o

 Ein person sin gråstein er ein annan person sitt gull. Det har eg fått erfare både som kjøpar og seljar. Det er veldig kjekt at saker som har støva ned i boden hjå oss, blir til glede og nytte for andre. -Ikkje minst er det veldig stas å finne noko ein treng, -som andre ikkje brukar lenger. Slik får saker og ting ei lengre levetid og me unngår mykje avfall.

Før var det gjerne stort sett på våren det var loppemarknadar, men no er det gjennom heile året. Fine nettsider med oversiktar over loppemarknadar i Noreg finn ein her:

Loppemarked.info

Loppemarkeder i Oslo

Loppiser.no

Alle bileta er lånt med godkjenning frå Facebook-sida til Baklukesalet i Haugesund. Der deltok eg  ein laurdag i september, -og det var utruleg kjekt! Fint vêr, kjekke folk, spanande lopper og god stemning. Eg anbefaler alle som bur i nærleiken å melde seg på til neste år, då dette var eit kjempefint arrangement. Ein melder seg på i forkant, betalar eit lite deltakargebyr, for så å fylle opp bagasjerommet med lopper og møte opp på Rådhusplassen den dagen det er sal. Eg har veldig lyst til å bli med neste år også!

/Har du nokre erfaringar frå loppemarknad, -del dei gjerne i kommentarfeltet!

//Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s