Miljøvenleg sminkefjerning

DSC_1303

Eg prøver stadig vekk å finne måtar å byte ut produkt i baderomsskuffa med andre meir miljøvenlege alternativ.

Ein favoritt har blitt å byte ut mascarafjernar med rapsolje! Eg prøvde først ut olivenolje, men den var ikkje så effektiv. Rapsolje på si side fjernar mascara og anna augesminke på grundig men skånsomt vis. Brukar du cotton pads av økologisk bomull, er det enda meir miljøvenleg! Eg kjøper mine på Body Shop og kastar dei i matavfallet etter bruk.

Til resten av ansiktet brukar eg ein ansiktssvamp frå Konjac Sponge. Dette er ein svamp som fjernar sminken og samstundes gir huden ein mild skrubb. Huden kjennes rein og fin ut etter bruk.

Dette er eit naturprodukt som er fritt for kjemikalier og andre tilsettingsstoff. Det er 100% nedbrytbart, så når svampen er sleten, kan du kaste den i matavfallet! Eg kjøpte min på ein helsekostbutikk, men ein finn den også på vanlege sminkebutikkar på nett som Coverbrands, Makestyle og FeelUnique.

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s