Valet mellom pisk og gulrot

j

Aftenposten sette søkelys på noko interessant for ei veke sidan. Nemleg at skilnaden på reisevanane på bygd og i by ikkje berre kjem av skilnadane i avstandar og tilbod.

At Oslofolk i større grad  vel sykkel og kollektivtrafikk foran bil, har vel så mykje med at det er meir tungvindt å bruke bil. Mangel på parkeringsplassar fører til at fleire vel t-bane, sykkel eller beina til jobb. Når dei då oppdagar at det ikkje er eit stort offer, fører dette til at dei vel bort bilen også på fritida.

Her har det skjedd ei interessant haldningsendring som i stor grad botnar i at det er tungvindt å bruke bilen, -ikkje først og fremst at kollektivtilbodet er betre enn andre stader.

Det same la eg merke til då eg var utvekslingsstudent i Hamburg på vidaregåande. Det var generelt dyrare å nytte bilen, -noko som førte til at «alle» nytta sykkel, beina eller kollektivtrafikken. For ein vestlending som var vand med å skulde på vêret om eg lot sykkelen stå, måtte eg konstatere at vêret ikkje var så ulikt i Hamburg. Somaren var finare, men elles var resten av året prega av vestlandsvêr med regn, vind og sludd innimellom dagane med opplett. Likevel sykla tyskarane dag og ut dag inn, -sjølv om det var styrtregn.

At haldningane og vanene våre kan endre seg slik av at bilen vert meir tungvindt å bruke, er godt nytt både for miljøet og folkehelsa. Kanskje kunne ein ha fått enda fleire syklistar, fotgjengarar og kollektivbrukarar om ein hadde heva drivstoffprisane, bilavgiftene og bompengane enda meir, -men dette er lite populær politikk.

Spørsmålet er når ein skal ta i bruk pisk og når ein skal ta i bruk gulrot. Det er ein hårfin balanse som eg ikkje har eit godt svar på.

Kva trur de?

/Inga

4 thoughts on “Valet mellom pisk og gulrot

  1. Det er vanskelig, også fordi økte avgifter kan virke ganske usosialt om det ikke finnes et skikkelig alternativ. I Bergen har det vært snakk om, selv om jeg ikke vet hvor sannsynlig det er, å innføre rushtidsavgift både for biler og i kollektivtrafikken, fordi det ikke er kapasitet til en stor økning i kollektivreisende i rushtiden. Mange har råd til å kjøpe seg ut av det eventuelle problemet, men ikke alle.

  2. Du har eit godt poeng, og det siste ein ynskjer er sjølvsagt å råke dei svakaste. Det er ein vanskeleg balanse, men eg har tru på at ein kan endre haldningar i stor grad ved å gi eit green nudge, både i form av gulrot og pisk. Eg er optimistisk!!

    Takk for at du legg igjen synspunkta dine! Ha ein strålande dag. 🙂

  3. Vil si det er bedre å gjøre kollektiv transport mer tilgjengelig (billigere og mer praktisk) enn å gjøre biltrafikk dyrere. Synes ikke vi skal gjøre det vanskelig for folk med dårlig økonomi. Det er så lett å kun tenke folk med gjennomsnitlig god økonomi når en utarbeider tiltak.

    Takk for at du delte innlegget på Samfunnspraten!

  4. Du har gode poeng. Ein bør prøve å unngå usosiale tiltak. Spørsmålet er berre korleis ein kan balansere dette på ein god måte. Takk for at du legg igjen synspunkta dine! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s