Bærekraftig tannpuss

DSC_0029

Visste du at det blir produsert fem milliardar tannkostar i plast kvart år? Plast er lite nedbrytbart men bruken av plast aukar likevel heile tida. Sjølv om mykje bra blir gjort med omsyn til gjenvinning, er det likevel klimasmart å velje produkt i andre materiale som er meir nedbrytbare.

Denne tannkosten frå svenske Humble Brush er eit supert alternativ til plasttannkosten. Skaftet er laga av bambustre og kan kastas i matavfallet når tannkosten er utsleten. Bambustre er også eit særs bærekraftig materiale. Det er den raskast veksande planten på jorda, og det er heller ikkje behov for gjødsel eller sprøytemiddel under dyrkinga.

Børsten er laga av BPA-fri nylon og har like lang haldbarhetstid som ein vanleg tannkost. Innpakkinga er laga av plantebasert plast og 100% resirkulert papir.  Fantastisk!

12074488_538875522932356_803649725206425722_n

I tillegg er folka bak Humble Bursh særs opptekne av gode arbeidsvilkår for dei som produserar tannkostane. Dei jobbar også konstant for å redusere CO2-utsleppa sine under produksjon og transport.

Sist men ikkje minst: for kvar selde tannkost, donerer Humble Brush ein tannkost/verdien av ein tannkost til organisasjonar som jobbar for å betre tannhelsa hjå folk som ikkje har tilgong til tannpleie og tannhelsetenester andre stader i verda. Det er utruleg bra!

Tannkostane kjem i ulike fargar og for både liten og stor. Eg har versjonen i soft og det er akkurat som å pusse tennene med ein vanleg tannkost i plast. Her er ingen ulemper med å velje klimasmart, -berre fleire fordeler!

Eg kjøpte min for 59 kr. på Økokrambua i Haugesund, men den kan også kjøpast hjå Rema 1000 og i nettbutikkar som Agent M og Karma.

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s