Bilfritt sentrum i Haugesund?

DSC_1344

Debatten om bilfritt Oslo sentrum har spreidd seg vidare i landet. Forrige helg argumenterte nyhetsredaktør i Haugesunds avis for eit bilfritt Haugesund sentrum. Det er eit kjempegodt innspel!

Mange byar i andre land har innført bilfritt sentrum med stor suksess. Nürnberg, München, Montpellier og Firenze er gode døme. I fleire av byane har skepsisen vore stor i forkant, -særskild hjå butikkeigarar og andre med næringsverksemder. Likevel har det vist seg at handelen snarare har gått opp når ein har fjerna bilane.

DSC_1342

Haugesund ein by som eg særs godt tilrettelagd for å bruke sykkel og beina. Det er flatt og kort veg til det meste. Likevel nyttar 2 av 3 innbyggjarar i Haugesund og Karmøy bilen som framkomstmiddel i det daglege, i fylgje ei undersøking av SINTEF i 2011. Sjølv ved korte reiseavstandar som 1 km, dominerer bilbruken.

Det er ikkje bilar men menneske som skapar levande bysentrum. Ved å stenge sentrum for biltrafikk som ikkje absolutt er nødvendig (varetransport, transport av bevegelseshemma etc.) og legge til rette for fotgjengarar og syklistar, kan me få det yrande livet me ynskjer i Haugesund sentrum!

DSC_1339

Det hadde vore utruleg moro om ein hadde fått til dette i Haugesund, -men også i andre byar i Noreg. Eit tiltak som eg er sikker på hadde gagna næringsverksemdene, turismen og ikkje minst folkehelsa og bymiljøet!

Enig?

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s