Konsten att fika

DSC_0002

Den som trudde at Ikea, Volvo og Zlatan var det ypparste Sverige kunne by på, har tatt grådig feil. Dei har nokre oppfinningar som er langt, langt betre enn  som så.

For det første: «fika» er eit ord eg saknar i det norske språket. Tenk så heldige svenskane er som har eit eige ord for å drikke te/kaffi og ete noko søtt attåt! Noreg må importere det ordet snarast, -og eg kan gjerne byrje.

Chockladbullar eller sjokoladeboller, er nok ei fin, svensk oppfinning. Å trylle fram saftige sjokoladeboller med få ingredienser du mest sannsynleg allereie har i skapet, er gull verdt. Då prosessen i tillegg er gjennomført på null-komma-null, er eg seld. Sjokoladeboller passar såleis perfekt til ei impulsiv fika på ein elles grå dag.

Svenske sjokoladeboller

  • 100 g smør
  • 1 dl melis
  • 3 dl havregryn
  • 2-3 ss kakao
  • 1 ts vaniljesukker
  • 2 ss sterk kaffi
  • kokos eller kakepynt som ein kan rulle kulene i.

Smelt smøret og bland alle ingrediensene saman. Form kuler som du rullar i kokos eller kakepynt. Voila! Klappa og klart!

Server saman med ein kopp kaffi eller te. -Gjerne i godt lag.

DSC_0007
Dronning Sonja ville også fika.

I dag smakte sjokoladebollene ekstra godt. Når regnet høljar ned, ein skal skunde seg heim gjennom byen og ein presterer å miste eit bilete i bakken så det knuser, rett etter at ein forlot rammemakaren, -ja då skal eg love deg at ein treng nettopp ei fika.

/Inga med ørlite tysdagsgruff

2 thoughts on “Konsten att fika

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s