Dårleg timing i økologisk landbruk?

øk

Nrk melder om at salet av økologisk mat auka med 30% i 2014. Det er så bra! Samstundes går antalet øko-bønder ned. Nordmenn si interesse for øko-varer kjem litt seint med omsyn til satsinga som har vore på økologisk landbruk dei seinaste åra. Det er samstundes forståeleg.

Å auke rammebetingelsane for bøndene og utvide produksjonen av økologiske produkt tek langt kortare tid enn å endre tankesettet til den vanlege nordmannen. Å få folk til å endre handlevaner og gjere seg kjende med nye produkt er ikkje gjort over natta. Det bør ein ta med i rekneskapet når ein gir økonomisk stønad til øko-bønder.

No håpar eg norske myndigheter legg til rette for at det økologiske landbruket kan fortsette å ekspandere. Det er berre stusseleg om tilbodet av økologiske varer skulle havarere grunna litt dårleg timing. -Kanskje hoppar ikkje nordmenn først på nye mattrendar, men når me først fattar interesse, går me i flokk!

/Inga

Psst! Det er klimaveke i programmet Ekko på P2. Dei har utruleg mange interessante innslag og det er mykje å lære! Lytt på nett eller last ned som podcast og høyr medan du tek ut av oppvaskmaskina, strikkar, trener eller kva anna du held på med. Eg gler meg til å ta med Ekko på joggeturen! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s