Grøn julekalender

2015/12/img_5669.jpg

Eg bestemte meg i siste liten for å lage ein julekalender til sonen til jul. Eg tenkte i utgangspunktet me skulle vente til han bad om det sjølv, men då eg kom over denne fine aktivitetskalender til Loop, klarte eg ikkje vente lenger.

Loop er ei stifting som jobbar for å fremje kjeldesortering både privat, på arbeidsplassar og på skular. Julekalenderen deira inneholdt veldig mange fine (og miljøvenlege) luker som eg kjem til å nytte i vår. Luker med aktiviteter og utfordringar gir ein pause frå kjøpekarusellen i desember, og meir tid til å gjere kjekke ting saman. Det er noko me alle treng!

2015/12/img_5670.jpg

Utfordringa var at me hadde ingen julekalender frå før. Løysinga vart gjenbruk! Eg fann ein øydelagd duk i skapet, delte den i 24 delar og sydde små posar. Med fine nummerskilt og raude band, vart det ein rett fin gjenbrukskalender.

Har de nokre fine og grøne tips til julekalender og innhald?

Ha ein flott dag!

/Inga

Psst! Eg er ingen reser på sying, men med ei lånt symaskin og litt hjelp frå mannen (han er den med symaskinsertifikat i huset), kom eg i mål. Kan eg, kan du!).

2 thoughts on “Grøn julekalender

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s