Bananer og ansvar

Uten navn
(Skjermdump frå God Morgen Norge)

Det har storma etter at Linnea Myhre tordna mot personleg trenar og bloggar,  Helle Bornstein, i Aftenposten denne veka. Linnea Myhre reagerte sterkt etter at Bornstein fraråda folk å ete banan i God morgen-Norge dersom ein ynskte å gå ned i vekt. Det er på tide. 

Det kan ved første augekast verke som eit i-landsproblem å diskutere kosthaldsråd om banan, men så enkelt er det ikkje. Når UngData rapporterer om eit aukande kroppspress og negative sjølvbilete hjå ungdomen, er det bekymringsverdig når profilerte livsstilsbloggarar som Helle Bornstein, gir ernæringsråd som gjer tradisjonelle, sunne matvarer om til usunne sukkerbomber. I staden for å fokusere på inaktivitet og fast food, vert heller eplet og banana uglesett. Dette vert for ekstremt, detaljfokusert og er med på å bygge opp under sunnhetshysteriet.

«Jeg har ikke forsøkt å gi informasjon til folk med spiseforstyrrelser, de må selvfølgelig søke veiledning hos spesialister på dette feltet.» skriv Helle Bornstein på bloggen sin. Det kan nok hende, men i ein blogg har du aldri kontroll over kven lesarane dine er. Å skrive ein open blogg med  livsstilsråd, kan likestillast med å stille seg opp på Karl Johan og snakke høgt til dei som passerer. Du vil aldri vete kven som stoppar opp for å lytte, og det vil du heller ikkje kunne kontrollere. Det kan vere like mange med spiseforstyrringar, med diabetes, med overvekt som folk med vanleg helse. Som bloggar kan ein ikkje velje publikumet sitt. Det fører også med seg eit ansvar.

Helle Bornstein er ein profilert forfattar, gründer og personleg trenar for fleire av dei mest kjende damene i Noreg som Camilla Pihl, Tone Damli og Marna Haugen Burøe. Dette er damer som er førebilete for mange unge. Når Bornstein bloggar om treningsøvingar og kosthaldsråda som ho gir kundande sine (som å byte ut eplet med paprika for å unngå fruktsukkeret), kan det lett tolkast som «oppskrifta» på å få kroppen til desse damene.

Ernæringsfysiolog Tine Sundtoft ytrar i debatten i God Morgen Norge, at det er mange råd ho gir til klientane sine, som ho ikkje kan ytre i det offentlege rom. Dette bør Bornstein ta til seg. Skreddersydde kosthaldsråd for kjendisar som ynskjer å gå ned ein skjønnhetskilo, er ikkje nødvendigvis det du skal dele på ein blogg som like gjerne er lest av jenter på 14 år. Dette handlar like mykje om fora.

Ein blogg er ikkje lenger berre ein blogg. Frå å vere ei virtuell dagbok skreve frå jenterommet, er Noregs største bloggar i dag meir lest enn mange nettaviser. Med mange tusen lesarar og millioninntekter, er bloggarane blitt dei nye kjendisane og har står påverknadskraft.

Fleire bloggarar er allereie medvitne dette ansvaret, som Tine Monsen, som har bunde seg til pressa sin Vær Varsom-plakat. Det er flott og eg håpar fleire følger etter, då dette handlar om mykje meir enn berre ei banan.

/Inga

 

3 thoughts on “Bananer og ansvar

  1. På meg høres det umulig ut å blogge hvis en skal ta hensyn til absolutt alle de individuelle livssituasjonene som fins der ute. Det er alltid noen som kan bli blodig fornærmet, som kan oppleve tekster som triggende, som kan få et skår i selvtillitten. Om man blogger om morsrollen kan de ufrivivillige barnløse kjenne ubehag og føle seg utenfor. Om en sliter med overvekt kan bare synet av en veltrent, slank kvinne gi et søkk i magen. Hvordan i all verden skal en blogg utformes for å unngå ubehag hos en imaginær leser? Har ikke vi som leser blogger et ansvar for selv å velge ut og bort det vi leser?

    Helle sa i intervjuet at hun gir ungene banan og at det ikke er noe galt i å spise det. Vips, problemet er borte.

    1. Hei Anne-Helene!

      Eg ser kva du meiner og er enig i at lesaren også har eit ansvar. Men. Helle Bornstein uttalar seg som fagperson. Ho lever av å rettleie andre menneske innan trening og ernæring. Dette fører til at det ho uttalar har ein viss tyngde. Ein mammablogg eller einkvar annan livsstilsblogg, uttalar seg ikkje som ekspertar. Det er det som er det tyngste ankepunktet her. Eg las bloggen hennar ei stund, men slutta etterkvart, då eg tykte råda hennar var for smale og matfokuset var for ekstremt. Det var som 29-åring med eit avslappa forhold til kropp. Eg trur ikkje den 16-årgamle meg hadde tenkt på same vis.

      Når ein som fagperson skal uttale seg om ernæring, er det viktig å forme bodskapen etter kven som er mottakar. Når ein skriv blogg veit ein ikkje kven mottakar(ane) er, og det meiner eg ein bør ta omsyn til. At ho og ungane et banan er vel og bra, men det er ikkje det som vert fronta på bloggen. Snarare det motsette.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s