Pessimisme og optimisme

Det kan til tider kjennast meiningslaust å prøve å leve litt grønare. Særleg når det pågår eit klimatoppmøte i Paris, kor det verkar som det er liten velvilje i å kutte Co2-utslepp og gjere andre tiltak for å bremse den globale oppvarminga. At ein enkeltperson resirkulerer og køyrer mindre bil, er eit fattig bidrag slik sett. Men. Alle veit at mange bekker små gjer ein stor Å. Når ein i tillegg har mange skarpe hovud rundt om i verda som stadig kjem med nye oppfinningar som kan redusere energibruk og bidra positivt til miljøet, gir det håp!

Medan klimatoppmøtet går føre seg, viser BBC ein serie som heiter Changing Climate Change. Den anbefalar eg å sjå. -Særleg episode 2 kor dei fokuserer på moglege løysingar. Eit klipp frå episoden med ei heilt genial oppfinning, ser de ovanfor.

Fleire grøne innovasjonar som kan vere med på å redde verda, kan de høyre om i Ekko sitt innslag Fortellingen om en fremtid vi vil være med i.

Dette er som balsam for øyrene i desse dagar!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s