Ny juleslager: Mandler i lønnesirup

DSC_0195

Brente mandler er godt, men no har eg oppdaga noko som er minst like godt, -og enklare å lage! Mandler i lønnesirup er passe søtt og (pitte)litt sunnare enn brente mandler.

1 porsjon

4 dl mandler
3-4 ss lønnesirup
2 krm havsalt

Bland inn lønnesirup og salt i mandlene, slik at alle mandlene får eit tynt lag over seg. Fordel mandlene over eit steikebrett slik at dei ikkje ligg oppå kvarandre. Steik på 180 grader, midt i omnen, i ca. 20 minutt. Pass godt på dei siste fem minutta slik at mandlene ikkje brenn seg. La dei kjølne på plata før du har dei i eit glas eller anna behaldar.

Lag gjerne dobbel eller trippel oppskrift når du først er i gong, -for her vert dei etne opp i det dei kjem ut av omnen!

Det har blitt få skriverier i desember, og det heng saman med at det er lite søvn om dagen. Eg høyrer rykte om at enkelte får born med skikkelege sovehjarter, men me har så langt berre fått nattugler! Det har altså vore ein trøtt desember, men med nokre ekstra koppar kaffi i kroppen, har me likevel fått gjort mange koselege førjulsaktivitetar som har gitt mykje julestemning.

I kveld ventar julebord med nokre «grepa kvinnfolk» (som dei seier i Valdres), før det er juleferie på bygda i morgon.

Glade jul!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s