Grøne nyttårsløfter

DSC_0236
Endeleg frost på skifertaket. Etter ein alt for varm desember, kom vinterkulda 1. januar!

I desse dagar er det mange som har nyttårsforsett for det nye året. Kvifor ikkje gå for nokre grøne mål dette året?

Tenk over kva du kan gjere i din kvardag og med dine vaner, som kan bidra til klima og miljø. Kanskje kan du kutte ned på plastbruken og byrje å nytte handlenett i butikken? Kanskje kan du innføre ein eller fleire kjøtfrie middagar i veka? Kanskje kan du ha shoppestopp eit år? Det er mykje ein kan gjere som reduserer eigne utslepp i kvardagen.

Eg skal samle på bilfrie dagar. Målet er å la bilen stå mest mogleg og heller nytte sykkelen og beina. Me testar ut piggdekk til sykkel denne vinteren og det går strålande (eige innlegg om dette kjem). Likevel ser eg at me lett gløymer oss ut og nyttar bilen på korte turar som me kunne ha nytta sykkelen eller beina til. Gamle vanar er vonde, -men ikkje umoglege, å vende. Mitt mål er altså å bli mykje meir bevisst på dette i 2016!

Elles må eg anbefale shoppestopp, -anten for eit heilt år eller ein kortare tidsperiode. Dette er noko av det meir interessante og nyttige eg har gjort med omsyn til miljøet. -Og effekten sit fortsatt i, to år etter. Konklusjonen min etter shoppestopp-året kan de lese her.

Kva seier de? Er de med på nokre grøne nyttårsforsett? Eg heiar på dykk!

/Inga

Og psst! Om du eigentleg hadde tenkt å gå for somarkroppen 2016 eller 100 dagar utan sukker, er frynsegoda med bilfrie dagar, kjøtfrie mandagar og meir sykling, at ein faktisk får ein sprekare kropp. Vinn-vinn!

2 thoughts on “Grøne nyttårsløfter

  1. Her blir det (forhåpentligvis) kjøttfrie mandager og meir vegetarmat. Tanken om shoppestopp (igjen) ramla ned i hodet mitt då eg prøvde å få plass til nyvaska klær i stappfullt klesskap i går, og det frista endå meir då eg leste shoppestopp-innlegget ditt. Det blir hvertfall ikkje mykje klesshopping i 2016!

    Ellers hadde det jo vært morro å prøve å sykle 13 mil til jobb (ein veg) men eg trur det blir med tanken 🙂 Eg trøyster meg med at el-bilen ikkje er det verste fremkomstmiddelet som finnes 🙂

    Godt nytt år!

  2. Så bra! Eg vil gjerne bli med på forsettet om kjøtfrie måndagar (eller minst ein kjøtfri dag i veka). El-bil er forresten ei nydeleg løysing når det vert for langt å sykle! Eg krysser fingrar for at me får ei meir miljøvenleg billøysing her også i 2016. I mellomtida får me samle på dei bilfrie dagane. Hehe.

    Godt nyttår til deg også!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s