Cheap Fashion is Kinda like the Donald Trump of Industries

Ifylgje ny forsking frå NTNU, er forbruket vårt verst for miljøet. I løpet av eit heilt liv, er heile 80% av utsleppa me er ansvarlege for, grunna varene me kjøper. Forbrukarkulturen og kjøp-og-kast-mentaliteten fører til enorme klimautslepp. På eine sida er det skremmande. Samstundes er dette også langt enklare å gjere noko med, samanlikna med mange andre miljøtiltak. Det er ein lettelse.

Holete genserar etter eit års ivrig bruk.
Holete genserar etter eit år med ivrig bruk.

For litt inspirasjon, anbefalar eg å sjå den fine video-snutten frå Grist. Den er underhaldande, veldig informativ og med gode tips til korleis me kan kle oss «grønare».

 

Green fashion:

1. buy less
Kort og godt.

2. shop smarter
Kjøp økologisk bomull, fair-trade og andre plagg som tek ansvar for prouksjonstilhøva. -Både for menneske og miljø.

3. look for durability and good design
Sjekk vaskelappen for gode materiale. Kjøp plagg som du ser for deg at du også kan bruke sjølv om ein trend går over i ein annan.

4. don’t trash it
Gi bort kleda til Fretex, Uff eller andre som tar i mot brukte klede.

5. get a lil» dirty
Vask kleda dine sjeldnare. Kleda har det ofte betre, dei varar lengre og me sparar miljøet.

Plass til pupper, mage og masse kake!!! HURRA!!
Nøgd shoppestoppar som fekk låne kjole. Å låne, leige eller kjøpe brukt er undervurdert!

Det er tre år sidan eg gjennomførte eit år med shoppestopp. Det som skulle vere ei enormt stor utfordring, viste seg å vere langt enklare (og ikkje minst meir behageleg) enn eg hadde venta. Til og med då eg pressa inn ein graviditet midt i året(!).

Fråveret av kjøpepress og tanken om at «eg har ingenting å ha på meg, -så eg må kjøpe noko nytt», har merka tankesettet mitt sidan. I staden for handleliste, har eg ønskeliste. Eg kjøper gjerne brukt. I staden for storshopping hjå kjedebutikkane, har eg blitt meir oppteken av kva som står på vaskelappen. Det er betre å legge meir pengar i få plagg, enn å kjøpe flest mogleg plagg for ein rimeleg penge. Det er bra for klesskapet, lommeboka, -og viktigast av alt miljøet!

Ha ein fin kveld!

/Inga

 

3 thoughts on “Cheap Fashion is Kinda like the Donald Trump of Industries

  1. Br at du skriver om dette! Jeg kjøper nesten aldri klær, men fikk meg likevel en aha-opplevelse da jeg flytta ut fra hybelen for ei ukes tid sida. Er utrolig hvor mange ting det går an å samle opp, også klær. Nå prøver jeg å bli enda flinkere til å kjøpe klær som varer lenger (og som jeg tror kan passe meg lenger), men synes det er vanskelig å vite hva som er kvalitet og ikke (sånn bortsett fra at jeg ikke kjøper klær som gir meg støt… Eller som jeg på andre måter kjenner at ikke er bra). Kanskje har du noen tips om det og? 🙂

    1. Hei og takk for hyggeleg svar!

      Eg har tenkt litt på å lage ein slik post med tips til kva stoff som er slitesterke og held seg fine lenge. Samstundes er eg sjølv konstant på leit etter klesmerke med klede av god kvalitet. Eg har fått fleire gode tips. Eg brukar til dømes mykje t-skjorter, men dei vert fort utvaska og sletne. Eg har ofte kjøpt dei på H&M eller Lindex. Ei venninne av meg tipsa om t-skjortene til SamsøeSamsøe. Dei skal vere utruleg gode, og held seg fine år etter år.

      Kanskje eg skal lage ein slik bloggpost, kor me kan tipse kvarandre? Eg er sikker på at det er mange med gode erfaringar og tips der ute!

      Ha ein flott dag! 🙂

      Klem frå Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s