Kvitt i Haugesund

DSC_0403

Tenk at me har fått oppleve kvit vinter opptil fleire gonger i Haugesund dei siste månadane! Det er heilt fantastisk.

Det har passa ekstra godt saman med piggdekkprosjektet, då me verkeleg har fått testa ut vinterdekka på sykkelen. No står likevel prosjektet litt i stampe då kjedet har roke på sykkelen. Slik går det når ein brått brukar sykkelen langt oftare enn vanleg.

Når slikt skjer, oppdagar ein fort kor lite ein eigentleg kan om syklar. Som at eit kjede ikkje berre er eit kjede.. Eg har vore x-antal bomturar på Biltema, og framleis ikkje fått til å ordne det. No er det det o-store målet i helga og eg trøystar meg med at eg i det minste lærar litt meir om syklar!

I mellomtida har bilen (diverre) blitt brukt oftare, men heldigvis har bussen og beina like ofte blitt brukt. At bussbillettane i Haugesund berre kostar 10 kr om dagen, er beint fram suverent, og gjer det langt enklare å velje kollektivt. Det er så bra!

Ha ein flott fredag!

/Inga

P.S. Kik innom litt seinare i dag, -eg har eit utruleg fint videoklipp eg må dele!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s