Gi FM-radioen din nytt liv

DSC_0578

Etter at DAB-nettet kom, er FM-radioane lite brukande. Det er synd då dei fort vert stua vekk,  -eller enda verre, omgjort til avfall. Me har ein  Tivoli-radio som mannen hadde med seg då me flytta saman for ti år sidan. Den lagar fantastisk lyd og er veldig veldig fin. Til no har den vore ein god følgesvenn som har strøymt ut godlyd på kjøkenet morgon som kveld. Det var difor litt stusseleg at den brått skulle bli heilt ubrukeleg!

DSC_0555

Heldigvis hadde me ein Apple-router liggande som me kobla til radioen. Den har ein AirPlay-funksjon, som gjer at du kan koble til eksterne høgtalarar rundt om i huset.  Ein nyttar Aux-inngongen, og slik koblar ein radioen på nettverket i huset, og brukar den som ein høgtalar.

Då kan ein laste ned radio-appar, strøyme radiosendingar, podcastar eller ganske enkelt sette på ei speleliste, direkte via mobil eller pc. Det er jo genialt! No brukar me det som før berre var ein radio, til både radiolytting, utforsking av podcast-verda, lydbok medan ein ligg på kjøkensofaen eller høgtalar når me dansar vilt til Venneby-songen på kjøkengolvet (for det må me gjere titt og ofte).

Hurra! Tivoli-radioen får bli i kjøkenvindauget.
Hurra! Tivoli-radioen får bli i kjøkenvindauget. Dei mindre fine ledningane får ein heller sjå bort i frå. 😀

Med ein enkelt dings, kan ein altså forlenge radio-levetida, samstundes som ein får ein ny, trådlaus høgtalar i heimen. Det er gull verdt når ein ikkje vil pensjonere god lyd.

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s