Kor bærekraftig er favorittmerket ditt?

Ei sak eg ofte har lurt på, er kor miljøvenlege dei ulike varene eg kjøper er. Er dongeribuksa frå Tiger of Sweden meir bærekraftig enn den frå H&M? Er iPhonen min «grønare» enn ein Samsung-mobil?

-Då er det supert at det finst nettstader som Rank a Brand!

rankabrand_logoRank a Brand er ei nettside laga av forbrukarar, -for forbrukarar. Her tek ein jobben med å undersøke ulike merke og produsentar i forhold til miljø, klima og etikk. Dei kategoriserer merka frå A-E ut i frå kor bærekraftige dei er. Her får du ein oversikt over alt i frå kaffimerke til restaurantkjeder, skomerke og reiselivsoperatørar.

Målet er å både å gi oss forbrukarar betre og meir tilgjengeleg informasjon, men også å presse selskapa til å produsere på meir bærekraftig vis.

Illustratie_About us_EN

Uten navn

Eg er på jakt etter nye jeans, så denne oversikten var til god hjelp.

Fekk du deg nokre positive eller negative overraskingar?

/Inga

P.S. Rank A Brand vart grunda i 2009 av nederlenderen Niels Oskam. Om du vil lese meir om bakgrunnen til nettsida, kan du klikke her. Elles ligg det ein fin artikkel om gründarane på den tyske versjonen av Huffington Post (eg lovar deg, du hugsar meir av skuletysken din enn du trur!).

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s