Bærekraftige jeans

Då eg likar at buksene er pitelitt kortare, gjekk eg ned ein str. i lengda.
Då eg likar at buksene er pitelitt kortare, gjekk eg ned ein str. i lengda.

Eg har vore på jeanshandel! Etter litt grubling fram og tilbake, fann eg ut at det moglegvis var på tide, då den einaste buksa i skapet mitt som ikkje var gravidbukse, var systra mi si. Det vil seie, -eg har to til, men då dei ikkje passar lengre, tel dei ikkje. Livet er ganske enkelt for kort til å gå med for trange bukser.

DSC_0626

Nudie er eit jeansmerke som går igjen på mange nettstader som «bærekraftige» jeans. Dei lagar jeans av 100% organisk bomull, er medlem av Fair Wear Foundation og driv til og med resirkulering og reparasjon av eigne jeans! Hjå  Rank A Brand, er Nudie ranka i kategori B, som (så langt) er den høgaste rangeringa eit jeansmerka har fått.

Ofte når det er snakk om miljøvenlege klede, har dei ein tendens til å bli selde i nisjebutikkar eller i smalare nettbutikkar. Det som er supert med Nudie er at i tillegg til ei mengd nettbutikkar, kan ein få tak i dei hjå til dømes Carlings. Då det er heile tre slike butikkar berre her i byn, var det brått ei smal sak å få tak i bærekraftige jeans.

DSC_0631

Eg trava innom butikken med ein sovande unge i vogn og ein i bæresele på magen på fredag. Å prøve bukser med ein baby i bæresele, var ei ny oppleving, men alt går! Bukse blei det.

Buksene er utruleg gode å gå i, har fin passform og oppfyller også dei andre tilleggskriteria eg har fått etterkvart. Som at ein kan sitte på huk og leike med Duplo utan at rumpa kikar ut, eller at ein kan få dei merkelegaste flekkar, men at buksa toler gjentatte vask.

Då eg ikkje er modell, men heller småsjuskete mor i barselpermisjon, vart bileta deretter. Viktigast av alt var jo å vise fram dei fine og supergode buksene!

DSC_0633
Før: Inga-rumpe i sikte. No: Inga rumpe i sikte.

/Inga

P.S. Dette er ikkje spons for verken Carlings eller Nudie. Buksa er betalt med eigne kronasjer.

8 thoughts on “Bærekraftige jeans

  1. Hei igjen 🙂 Buksen er kjøpt og jeg er storfornøyd! For en passform, dette er min nye favoritt. Topp! Ønsker deg og dine en nydelig påske! 🙂

  2. Kjempefin bukse! Og så bra å høre at Nudie skårer bra hos Rank A Brand. Fint at det går an å få tak i forsvarlig produserte klær i vanlige klesbutikker også 🙂 PS: Du ser ikke småsjuskete ut, heller superfin!

    1. Enig! Det beste er å få prøvd kleda skikkeleg før ein kjøper dei, og då er nettbutikkar litt knotete. Hehe, takk for kompliment! Med nokre kaffikoppar i kroppen ser ein i det minste litt meir vaken ut. 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s