Nettshopping på …Finn!

DSC_0733

Noko eg har blitt litt tatt på senga av, er kor raskt dei små veks ut av kleda og skoa sine. Medan me vaksne kan kjøpe klede og sko som kan vare livet ut, verkar det til tider som at eit par barnesko er store nok i fem minutt. Då er det gull å arve og kjøpe brukt.

Litt etter litt har Finn.no blitt første staden eg kikar om eg treng noko. Eg har stadig autosøk liggande ute, som gjer at eg får tilsendt alle nye annonser som passar til det eg har søkt etter, rett i mailboksen. Det er genialt! Om du vil lese meir om kjøping på Finn.no, anbefalar eg å lese Ida (A Greener Heart) si sak i KK om nettopp dette. Ida skriv også om grøn kvardag og er ei utruleg bra dame eg har hatt gleda av å bli kjent med!

Men. Tilbake til bornekleda. Her ein morgon oppdaga eg at det jaggu snart var vår og den tjukke vinterdressen både er blitt i minste laget og for varm. Etter eit kjapt søk på Finn.no saman med morgonkaffien, hadde eg klikka heim både skallbukse, skalljakke og vindfleece frå Polarn o. Pyret til eldstemann. Jakkene kunne du ikkje sjå at var brukte. Buksa kunne ein sjå at var brukt, men var heil og fin, og kosta så og sei ingenting. Godt nok for oss! I tillegg vart det ein raud vinterdress frå Polarn O. Pyret til ho som byrjar i barnehagen til hausten. Eg vippsa over pengane til seljarane, og etter nokre få dagar låg alle plagga i postkassa, klare for påskeferien.

Enkelt, kvalitetsklede til ein beskjeden penge og topp for miljøet!

DSC_0739
Lukka er lukta av nykløyvd ved og ein kopp med Ritzkjeks frå oldemor.

DSC_0737

No rundar me snart av ei vidunderleg fin påske. Det vart lite snø, men i staden har me hatt Tour de Besteforeldre, saktegåande dagar og all verdens tid til kaffidrikking og prating med folk me ser alt for lite til i kvardagen. Det er så fint! Påskeferien toppa seg i går kveld, då me var på ein påskequiz utanom det vanlege. Verdas kjekkaste hotell inviterte til A Murder Night, kor dei ulike laga skulle løyse mordet på geologen Stein Sachs Papier. Med filmsnuttar som vart lagd ut på nettet, ekte detektivarbeid på eit hotellrom med åstad, spesialprodusert lokalavis og koda brev som måtte knekkast, vart det ei påskeafta utanom det vanlege. Eg er mållaus over opplegget og utruleg imponert over kva dei har fått til! Det er det eg seier, -eg kjem frå verdas kulaste bygd.

2 thoughts on “Nettshopping på …Finn!

  1. Høres ut som en topp påske! Jeg er dedikert fan av finn.no. Har gått sport i å prøve å finne klærne jeg drømmer om brukt der til en rimelig penge. Godt for miljø og lommebok. Har en sønn på din alder og har gjort flere gode kjøp der. Polarn O. Pyret er genialt å kjøpe brukt, holder seg så godt. Hurra for finn 😉

    1. Ja, ikkje sant! Det er veldig veldig kjekt å kunne kjøpe saker og ting ein elles ikkje ville ha unna seg så ofte, når det brått er langt rimelegare og framleis pent brukt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s