Mat for sjela

DSC_0756

Påskeferien er over og det er offiselt vår! Det feirar eg med fem fine ting som er mat for sjela akkurat no.

  • å strekke påskestemninga pittelitt lenger med ei syster som er på besøk. Drikke kaffi med H-mjølk frå store koppar, lese aviser som har hopa seg opp i postkassa og ha gule tulipanar på bordet.
  • Nettsida IfItWereMyHome.com. Ei side med statistikk kor du kan sjå korleis det ville ha vore å vekse opp i til dømes Niger, samanlikna med Noreg. Visste du til dømes at du i snitt ville ha tjent 98,56% mindre pengar, brukt 99,8% mindre elektrisitet eller fått 3,8 fleire born? Veldig interessant (og urovekkande). På eine sida vert ein takksam for at ein lever på ein fredeleg plett. På andre sida vert det tydeleg kor skeivt ressursane er fordelt i verda.
  • Denne kronikken til psykolog og professor Arnstein Mykletun som er god å lese i desse dagar. Når det kjennes som at verda rasar saman, er det fint med folk som beroligar med bruk av statistikk og historiske fakta.
  • Knekkebrøda mine. Etter ei påske som minnar om juleferien i matvegen, var det godt å komme heim til verdas beste knekkebrød. Oppskrift kjem seinare i veka!
  • New York Times sine 36 Questions on the Way to Love. Me tok like godt og køyrte gjennom spørsmåla i bilen på veg heim i går. Det førte til morosame og interessante samtalar med to personar eg i utgangspunktet kjenner veldig godt. NB! Kan like gjerne brukast saman med vener som med kjærasten.

Ha ein flott dag!

4 thoughts on “Mat for sjela

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s