Favorittpålegg i ein fei

DSC_0772

Det beste pålegget eg veit om akkurat no, er heimelaga og inneheld berre ein ingrediens. -Nemleg soltørka tomater! Har du eit glas med dette og ein stavmiksar, blender eller food processor, er pålegget i boks.

Ein tek eit glas med soltørka tomat og mosar det med stavmiksar til ein har pesto-konsistens. Då er ein allereie ferdig. Dette er ein særs enkel form for pesto rosso, då ein kan utvide den i det vide og breie med rista pinjekjerner, krydder, salt og pepar etc. Men eg likar den best akkurat slik som dette. Det smakar heilt fantastisk og er så veldig enkelt.

Dette er like godt på brødskiva, som til ost, som dip, -og er eit supert vegetarpålegg. Kanskje dette kan vere noko å prøve til helgefrukosten?

DSC_0774DSC_0776DSC_0780

Endeleg er sola framme igjen i Sildebyen, me har framleis påskebesøk og det ser ut til å bli ein retteleg fin dag. Me snakkast!

2 thoughts on “Favorittpålegg i ein fei

  1. Oi, nå ble jeg glad! Ikke bare fordi du la ut pålegg for vegetarianere (kan fort bli ensformig), men også fordi jeg fulgte bloggen din, grønt og fint (?), før og trodde du hadde sluttet. Gøy å finne denne bloggen, synes du har en fin balanse i innleggene, de berører så mange bra temaer som miljø, feminisme, mat, bruke opp rester, økonomi, mote/gjør-det-selv-tips, «snill» skjønnhet osv, også ser det ut som du har med deg estetikken i alt du gjør. Bra!

    1. Oi så utruleg kjekt å lese!! Takk for veldig veldig fin kommentar! Det vart ein litt utydeleg overgang frå den forrige adressa til denne, så det var veldig kjekt du fann fram! Følg gjerne Notisboka på Facebook, så får du opp dei nyaste oppdateringane der.

      Takk igjen for at du skreiv så fine ord! Det varma langt inn i sjela. Ha ein nydeleg kveld!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s