Kunsten å få med seg det som skjer

12914957_10156702042870368_126480343_o

Eg slang saman ein enkel agurkpasta med løyrom og østersemulsjon i går til lunch. Det var deilig med noko enkelt!

Neida.

Dette var snarare laga av Filip August Bendi som var gjestekokk på To Glass her i Haugesund i helga. Han har jobba ved Noma i København, på Tango i Stavanger, ved restaurant Daniel i New York og vore commis for Gunnar Hvarnes i Bocuse d´Or 2010 og 2011. Ein dyktig kar med andre ord!

Ei venninne skaffa bord og det vart kort sagt ein heilaften. Fem fine frøkner åt fem fantastiske rettar. -Og det var slik mat som gjer ein mållaus. Hadde det ikkje vore for at eg var i eit særs pratesjukt lag (hehe), hadde eg nok ete i stillhet.

 

12948371_10156702042635368_613086800_o

I desse dagar er det av og til litt vanskeleg å få oversikt over alt som skjer i frå konsertar, til utstillingar, loppemarknadar etc. Mykje blir annonsert i avisene, men det er overraskande mykje som ikkje blir det. Ein oppdagar stadig konsertar, utstillingar med meir som er over før ein har fått sukk for seg. Eg saknar ein felles portal kor me kunne fått servert alt som skjer til ei kvar tid.

Men. Eg har nokre vener som stadig er ute på morosame greier, og hemmeligheten er altså å fylgje dei ulike konsertlokala, uteplassane, kulturstadane og matstadane på Facebook. Der poppar alle eventane opp først og det er enkelt å fylgje med på kva som skjer. Eit lite tips som kanskje er litt openbart, men som ein ikkje alltid kjem på. Ihvertfall ikkje når ein er sterkt råka av ammetåka.

Det er ikkje så ofte lenger eg kjem meg ut døra på kveldstid, men når ein først gjer det, er det heilt magisk! Denne gongen hadde eg ikkje sove på ei veke, men jaggu, ein kveld ute gir ein form for energi det også. Av og til er det innmari verdt å bite tennene saman og komme seg ut døra. Det blir jo alltid veldig kjekt, -og sove kan me gjere når me vert gamle.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s