Skal det vere litt gratis plastavfall?

DSC_0847

I forrige veke kjøpte eg den nye osten til Synnøve Finden, -Kongsgård. Som Jarlsberg-tilhengar, må eg seie denne smakte veldig godt og var eit fullverdig alternativ! Men. Eg kjem ikkje til å kjøpe den igjen. Kvifor ikkje? Fordi den kom med ekstra søppel.

Inni pakka låg eit plastbrett med Synnøve Finden-logoen på. Eg lurte ei stund på kva det eigentleg var, då det tilsynelatande hadde ingen funksjon i innpakkinga. På emballasjen viste likevel plastbrettet seg å vere eit «praktisk ostebrett».

-Men treng me eigentleg det? I kjøleskapet ligg osten innpakka i emballasje eller osteklokke, og på bordet ligg den på ei fjøl eller eit fat. Eit lite plastostebrett er ikkje noko eg har sakna eller treng, og det framstår berre som ein marknadsførings-gimmick. Brettet gjekk difor rett i plastavfallet. Eg mistenker at det gjer det hjå fleire.

-Tenk på kor mykje ekstra plastavfall det blir, når dette ostebrettet i tillegg kjem i kvar pakke med Kongsgård-ost som blir seld i Noreg!

DSC_0857

I fylgje tal frå SSB, kasta kvar nordmann i snitt 438 kg husavfall i 2014. Dette er ei dobling av mengdene på 20 år. Samstundes har ein dei seinaste åra sett fleire døme på at nordmenn ynskjer å ta grep om dette. I 2014 droppa til dømes Bama plastinnpakking av ein purre etter sterke protestar på Facebook, og ein har det siste året hatt ei framvekst av emballasjefrie matbutikkar. Folk ynskjer kort og godt å redusere mengdene med avfall.

Slik sett vert dette ostebrettet eit marknadsføringsmessig bomskot i 2016. Å gjentatte gonger kaste eit unyttig plastbrett som kjem med osten rett i søpla er irriterande og kan fort føre til at folk heller vel andre ostar med mindre innpakking. Som til dømes Jarlsberg.

Nei Synnøve Finden, dette er ikkje god marknadsføring i 2016.
-Først med ekstra plastavfall! (Bilete: skjermdump frå Synnove.no)

Eg trur Synnøve Finden og andre matvareprodusentar har mykje å hente på å fronte eit større samfunnsansvar via produkta sine, -som å redusere emballasjemengda. Eg håpar dei droppar ostebrettet i Kongsgård-osten, då det rett og slett var ein dårleg idè og fører til meir søppel. Det er synd, då osten i seg sjølv smakte veldig godt! Fram til dess tyr eg heller til Jarlsbergen.

Har de kjøpt Kongsgård-osten og kva tenkjer de om saka?

Oppdatering: Eg har sendt ein e-mail til Synnøve Finden om dette kor eg også deler innlegget. 

One thought on “Skal det vere litt gratis plastavfall?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s