Plastic is no longer fantastic

DSC_0836

Plast framstår som eit mindre og mindre kjekt alternativ. Det er ikkje bra  for verken kloden eller kroppen.

Med jamne mellomrom kjem stoff i plastemballasjen vår under lupa. Seinast uttrykte Folkehelseinstituttet skepsis til stoffet DINP, då stoffet kan vere hormonforstyrrande. DINP er ein av dei mest brukte plastmjuknarane i EU. Dette er problematisk, då DINP i utgangspunktet skulle erstatte eit anna ftalat som også var helseskadeleg. Ftalat kan de lese meir om her.

«– Dette er ein typisk sirkel: Når eit stoff blir forbudt, så blir det erstatta med anna som ikkje nødvendigvis er betre», sa forskar ved avdeling for miljøgifter ved Folkehelseinstituttet, Amrit Kaur Sakhi, til VG.

Så kva gjer ein då?

DSC_0839

For å vere på den trygge sida, kan ein rett og slett kutte heile plasten. Det er utfordrande, då det er så utruleg mykje rundt oss som er laga av dette materialet. Likevel kan ein gjere litt og litt. Til dømes kan ein byrje med ting me brukar til mat og drikke. Flasker, koppar, fat, boksar og bestikk. Dei fleste har mykje plast i denne kategorien. -Kvifor ikkje byte det ut med glas, stål eller tre?

Eg anbefalar å lese dette innlegget til Green Bonanza som omhandlar akkurat dette; kva erstattar me kva med? Ein veldig fin blogg ein bør ta turen innom først som sist!

Den fine glasflaska på biletet fann eg på ein butikk her i Haugesund. Den er laga av Hadeland glassverk og har ein vernande «sokk» utanpå. Den fungerer like fint som plastflaska. -I tillegg var det godt med ei påminning om at vatn gir energi. Er det noko eg er dårleg til, så er det å drikke nok vatn gjennom dagen! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s