Ein vintersyklist blir til

I vinter har me som tidlegare nemnt testa piggdekk til sykkel for Sykkelbyen Haugesund-Karmøy. Eg har oppdatert litt på Instagram, Facebook og her på bloggen undervegs.

Vintersykling 1

Eg har så og sei ikkje sykla på vinterføre før, så eg var litt skeptisk til kor trygt dette kom til å bli. Men, -det gjekk over all forventning! Med piggdekk får ein trygt og godt feste uansett føre.

I staden for å stå parkert, har sykkelen blitt nytta jamnt og trutt gjennom vintermånadane. Me hadde eit liten pause i februar då kjedet rauk (sykkelen fekk nok sjokk over den hyppige bruken!), men etter litt nyvunnen lærdom var me tilbake på hjul.

Mannen har stort sett brukt den til jobb dei dagane han ikkje har jogga eller tatt bussen. Eg har nytta sykkelen til handleturar på ettermiddags- og kveldstid. Bilen har blitt brukt med jamne mellomrom den også, men i langt mindre grad enn tidlegare. -Og det har aldri vore så tydeleg: me kunne klart oss heilt utan bilen i kvardagen.

DSC_1417

Med piggdekka på har me fått mange fine sykkelstunder. Eg gløymer ikkje ein sykkeltur i desember då eg sykla på snøkledde fortau til butikken for å handle ein fredagskveld. I butikken kom eg over årets julebrus frå CB og då det sjølvsagt er kristiansanderen min sin favoritt, sykla eg heim med ei sykkelvogn klirrande med julestemning på flaske, medan snøen dala rundt meg og det knaka lett under dekka. Det var så fint! Den stemninga kunne eg ikkje fått om eg hadde nytta bilen.

Ein annan dag på nyåret, var det spinnglatt i Haugesund. Eg var ute og trilla tur med vogna på dagen og skeina rundt med stadige nestenuhell. Fleire gonger måtte eg klamre meg til vogna for å ikkje rase i bakken. Om kvelden bestemte eg meg for å teste dekka skikkeleg, og sykla den same ruta som eg hadde gått tidlegare på dagen. Det morosame var at det gjekk mykje fortare og kjentes langt tryggare enn å gå på beina. Det var null problem å komme seg heilskinna heim. Kven hadde trudd?

sykling 2
No er vinterføret over men me er allereie godt i gong med sykkelsesongen. Den varer jo året rundt!

Samstundes som vinterdekka heilt klart har utvida sykkelsesongen til å gjelde heile året, har det vore ei viktig bevisstgjering om kor lite me eigentleg treng bilen. Slik me bur no er bruken av bilen ei vanesak, -og stort sett ikkje ein nødvendighet. Å øve seg på å heller ta i bruk regnkleda dei dagane det fossar ned og å kle seg godt når temperaturen ligg under null, er berre bra. Litt etter litt kjem ein inn i det, sykkelen tek sakte men sikkert over for bilen, og snart set ein enormt stor pris på dei ekstra utestundene i kvardagen medan ein bevegar seg frå a til b. Frisk luft, raude kinn og «gratis trening» er ein kjempebonus i ein travel kvardag.

Alt i alt var dette veldig artig og me har fått ein ny «vår» for syklinga vår. Me har no henta nokre gamle syklar som skal pussast opp og tas i bruk til bysykling i somar og me har byrja å drøyme om el-sykkel. Sykling er kort og godt kjempegøy!

 Takk for at me fekk delta, Sykkelbyen Haugesund-Karmøy!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s